To personar med israelsk tilknyting arbeider nå i intervjuseksjonen i UDI. Ein tredje person med same bakgrunn, arbeider i informasjonsavdelinga i UDI.

Undersøkingar som Bergens Tidende har gjort, viser at begge intervjuarane har budd minst 10 år i Israel frå dei var rundt 10 år gamle. Også den tredje personen har budd mange år under oppveksten i Israel.

UDI stadfestar at dei tre har tilknyting til Israel men nektar plent å gje nærare opplysningar om tilknytinga.

Militærteneste for Israel

Opplysningar BT har fått, går ut på at den eine først fekk norsk statsborgarskap etter at han var tilsett i UDI. Han skal også ha gjort militærteneste i den israelske hæren i Libanon.

Han seier sjølv til BT at han ikkje har noko å løyne. Han stadfester at han som alle israelske borgarar har gjort militærteneste, utan å utdjupe dette nærare. Han kan godt svare på spørsmål både om militærteneste og når han vart norsk statsborgar, men vil snakke med sine overordna først.

I staden er det informasjonssjefen som kjem tilbake. Informasjonssjef Geir Løndal seier at UDI og dei tre aktuelle tilsette «av prinsipielle grunnar» ikkje vil svare på nærare spørsmål.

— Dette er heilt uhaldbart av UDI. Vi må nå få alle opplysningar på bordet for å kunne vurdere habiliteten til saksbehandlarane, seier advokat Bente Oftedal Roli, til Bergens Tidende.

Ho har gjennom fleire år hatt palestinske asylsøkjarar som klientar og har for tida slike klientar frå Libanon og Syria.

Også Utanriksdepartementet hadde i fleire år ein saksbehandlar på Midt-Austen-desken som også hadde tilknyting til Israel. Han var tidlegare israelsk statsborgar.

Tilknytinga

Personalsjefen i Utlendingsdirektoratet, Gro Haavaldsen, opplyser til Bergens Tidende at UDI har to norske borgarar med tilknyting til Israel, som arbeider i intervjuseksjonen. Den eine av dei arbeider med asylsøkjarar frå Midt-Austen, den andre med asylsøkjarar frå det tidlegare Sovjetunionen.

Kva slags tilknyting dei har til Israel vil UDI ikkje gje opplysningar om. UDI vil heller ikkje opplyse om dei har doble statsborgarskap eller om nokon av dei fekk norsk statsborgarskap først etter at dei var tilsette i UDI.

— I utgangspunktet skal den aktuelle saksbehandlaren ikkje intervjue asylsøkjarar som kjem frå Israel eller palestinarar frå vestbreidda og Gaza. Derimot har vi teke det standpunktet at vedkomande kan intervjue palestinarar frå Syria og andre område, seier Haavaldsen.

Ho opplyser at saksbehandlarane ikkje fattar vedtak. Dei skal heller ikkje skrive innstilling. Derimot skal dei skrive referat frå intervjuet.

Bakgrunnen

Når det gjeld informasjonsmedarbeidaren skal han ikkje uttale seg om saker som gjeld Midt-Austen-komplekset.

Ifølgje Haavaldsen har alle tre i dag norsk statsborgarskap. Om dei også har israelsk statsborgarskap, kan Haavaldsen ikkje opplyse om.

Ho seier at tilsettingane og arbeidsvilkåra er grundig vurdert i direktoratet.

Informasjonssjef Løndal opplyser at det alltid blir nytta tolk under intervjua. Alle spørsmål skal gå gjennom tolken. Det inneber at det alltid er minst to til stades utanom asylsøkaren.

Bergens Tidende er kjend med at tilsettingane har vore omstridd internt i UDI.

Haavaldsen opplyser at dei forholdsreglane UDI har teke, er gjennomførde for å unngå at direktoratet misser tillit og truverd. Ho seier at UDI lenge har hatt som uttrykt mål å tilsette fleire med innvandrarbakgrunn. I dag har 17 prosent av dei tilsette innvandrarbakgrunn frå land utanfor Vest-Europa.

UD

Den UD-tilsette, som tidlegare arbeidde på Midt-Austen-desken i UD, var tidlegare israelsk statsborgar med norsk mor og israelsk far. Han var blitt norsk statsborgar før han fekk jobb i UD, opplyser pressetalsmann Karsten Klepsvik i UD til Bergens Tidende.

At han fekk jobb på Midt-Austen-desken hadde ifølgje Klepsvik dels samanheng med at han hadde spesiell kompetanse, mellom anna at han kunne hebraisk som svært få i UD-systemet kan.

Mossad-saka

At slike tilsettingar kan vere problematiske og kontroversielle, kan illustrerast ved den såkalla Mossad-saka frå 1991.

Aftenposten avslørte at norsk politi hadde brukt agentar frå den israelske etterretningsorganisasjonen Mossad til å avhøyre palestinske asylsykjarar.

Avsløringane førde til kraftige reaksjonar og resulterte i at overvakingssjefen, Svein Urdal, vart fjerna frå stillinga.