— Kripos-sjef Arne Huuse har fleire gongar bede Politidirektoratet om nye stillingar. Det har skjedd trass i at han kjenner til at Politidirektoratet ikkje kan gje korkje Kripos eller andre nye stillingar. Det er det berre Stortinget som kan, gjennom statsbudsjettet eller revidert budsjett.

Dette seier fungerande politidirektør Knut Smedsrud til Bergens Tidende.

Bakgrunnen er at Bergens Tidende i går kunne avsløre at Kripos har søkt å nytte rassiaen i den store barnepornosaka til å skaffe seg fleire stillingar. Det framgjekk direkte av interne Kripos-notat som Bergens Tidende har tilgang til.

Huuse seier nå sjølv til Bergens Tidende at han ikkje har sett det aktuelle notatet før i går. Han seier at det vart laga 6-8 utkast til mediestrategi i barnepornosaka. Han seier at han berre har sett det siste og at andre medarbeidarar har sila innhaldet før han fekk det endelege.

Huuse seier at det aktuelle notatet ved ein lapsus vart sendt ut og straks tilbakekalla.

Problemet er berre at det notatet Bergens Tidende siterte frå, er datert etter det «autoriserte». I går kunne Bergens Tidende også fortelje at Huuse i mai i år ba om seks nye stillingar til kampen mot barnepornografi.

Utanom statsbudsjettet

Smedsrud seier at krava frå Huuse med krav om nye stillingar har kome utanom innspel til statsbudsjettet og revidert budsjett. Det var også tilfellet med kravet i mai i år om seks nye stillingar.

Smedsrud opplyser at Stortinget for inneverande år oppretta 100 nye stillingar i politiet. Dette var stillingar som var øyremerkt nyutdanna polititenestemenn som kom direkte frå Politihøgskolen.

Omprioritere

— Kripos fekk fire hospitantstillingar i 2001. Huuse har som alle andre instansar i politiet høve til å omprioritere innanfor eigne ressursrammer dersom han meiner det er behov for det. I politiet er det mange som føler at dei har for tronge rammer, seier Smedsrud.

— Har direktoratet nå fremja forslag til departementet om fleire stillingar til Kripos på budsjettet for 2003?

— Kva for innspel vi har gjort til departementet for neste års budsjett kan eg ikkje seie noko om nå, seier Smedsrud.