Ved ei fatal misforståing i brannetaten i Oslo mista den 27-årige Stord-kvinna Irlin Hunstad Grødem livet i ein husbrann i 1998. Mora kjempar mot Oslo kommune, som nektar å betala millionbot for feilen.

I dag møter Marit Grødem (59) i Oslo tingrett, klar til å få bretta ut kva som gjekk gale då ho mista dottera i brannen på Årvoll i Oslo om kvelden 8. januar 1998. Oslo kommune er av politiet ilagt eit førelegg på ein million kroner fordi Irlin Hunstad Grødem ikkje blei henta ut før brannen spreidde seg til loftshusværet hennar. Men kommunen nektar ansvar og å betala bota, og vil heller ikkje at straffesaka mot kommunen også skal bli Marit Grødems erstatningssak. Det siste spørsmålet blir avgjort tidlegast i dag, første dag av straffesaka, der tiltalen lyder på brot på brannvernlova.

— Fem år har gått sidan det skjedde. Eg opplever det som dårleg behandling og ei veldig trenering frå Oslo kommune si side, seier Marit Grødem til Bergens Tidende.

Irlin ringte tre gonger

Brannen i Årvoll-bygningen stengte Irlin Hunstad Grødem inne i loftshusværet sitt. Tre gonger ringte ho brannvesenet og gav melding om situasjonen. Ho fekk beskjed om å bli, og om at ho skulle bli henta ut av røykdykkar.

Uheldigvis fortalte ikkje alarmsentralen vidare til utrykkingsmannskapa at det var ei kvinne som ringte. For då Irlins nabo blei henta ut, trudde alle at det var vedkomande som hadde ringt som var berga.

Då røykdykkarane trekte seg ut av det brennande huset, sat Irlin Hunstad Grødem i loftsleiligheten utan sjanse til å klara seg. Først etter ein time blei ho funnen, då brannmannskap hogg seg inn gjennom taket.

— Eg reknar med at lydbandopptak av Irlins samtalar med alarmsentralen blir spelte av i retten, seier Marit Grødem.

Prinsippsak

Det var Oslo bystyre som før jul i 2001 avgjorde at kommunen ikkje skulle vedta straffa som påtalemakta hadde utferdiga. Seinare tilbaud kommunen å betala full erstatning til Marit Grødem, mot at ho fråskreiv seg retten til oppreisning.

— Mange i etaten er svært spente på denne saka, som prinsipielt vil få mykje å seia. Saka vil visa om vi vil hamna i straffeansvar når vi utøver arbeidet vårt, seier branninspektør Kjetil Bratlie i Oslo til Aftenposten

— Når vi kjem til ein brann, har vi berre sekundar på oss til å fatta ei avgjerd, seier Bratlie.

Marit Grødem har engasjert advokat Frode Sulland i saka mot Oslo kommune. Ho krev erstatning for utgifter i samband med dødsfallet til dottera, og for bortfall av inntekter i perioden etter at Irlin døydde. I tillegg blir det ifølgje Aftenposten kravd oppreisning for smertene som Marit Grødem og familien er pøført ved tapet av Irlin Hunstad Grødem.

DØDSBRANN I RETTEN: I dag møter Stord-kvinna Marit Grødem (59) i Oslo tingrett der Oslo kommune er tiltalt for brot på brannlova etter at Grødems dotter Irlin miste livet i ein husbrann, 27 år gamal. På bildet er Irlin 17 år.<br/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR