Ein gjennomgang av postjournalen til Justisdepartementet som Bergens Tidende har gjort, viser at alle dokument som gjeld nådesøknader, blir unnateke frå innsyn.

I Nådenheten i det svenske Justisdepartementet får Bergens Tidende opplyst at dokumenta i nådesakene er offentlege dokument som kvar og ein i prinsippet kan få innsyn i. Slik har det vore i uminnelege tider og ein har ikkje høyrt om juks med legeerklæringar for å «kjøpe seg fri» frå soning.

Svært følsame opplysningar om personlege forhold kan likevel bli unnateke frå innsyn, men terskelen for å unnta slike opplysningar er svært høg, får vi opplyst.

Tilsvarande opplysningar får Bergens Tidende i Direktoratet for Kriminalforsorgen i Danmark, som er det organet som behandlar nådesøknader i Danmark..

— I utgangspunktet er dokumenta i sakene offentlege. Ein kan be om innsyn ved å spesifisere og identifisere sak, namn osv, opplyser spesialkonsulent Hanne Høeg-Rasmussen i Direktoratet for Kriminalforsorgen, til Bergens Tidende.

Det er likevel råd å unnta visse opplysningar frå innsyn, om sjukdom og svært personlege forhold.

I Noreg blir alle dokument i nådesakene systematisk og utan unntak unnateke frå innsyn. Slik har det vore i alle år. Det offentlege lovutvalet som utarbeidde utkast til ny offentleglov, gjekk inn for at dagens ordning skal halde fram. Heller ikkje Presseforbundet sin representant i lovutvalet gjekk inn for å opne desse sakene for innsyn.

Det norske Justisdepartementet behandla i fjor 325 nådesøknader. 51 av søknadene, eller 13,8 prosent vart innvilga. 45 av desse sakene gjalt fridomsstraff, seks gjalt bøter.

Av søknadene som fekk avslag gjalt 168 fridomsstraff medan 106 gjalt bøter.

I Sverige vart det i fjor behandla 599 nådesøknader. 5,5 prosent av søknadene vart innvilga.

I Danmark fekk fire innsette innfridd nådesøknader i 2003. Ytterlegare 44 fekk innvilga nådesøknad før dei vart sett inn for soning. Prosentsatsane er ikkje klare.

Rune Sævig
Rune Sævig