Opposisjonen og regjeringa har fremja lovframlegg som vil bety ei innsnevring av dagens rettstilstand slik den er utlagd og fortolka av Sivilombodsmannen. Ombodsmannen tek utgangspunkt i at retten til frie ytringar er blitt styrkt gjennom grunnlovsfesting.

Professor Henning Jakhelln, som er spesialist i arbeidsrett ved Universitet i Oslo, seier til Bergens Tidende at han er heilt samd med sivilombodsmannen:

— Dei lovframlegga som nå kjem, vil innebere ei innsnevring i varslarvernet.

Snuoperasjonar

Dagens regjeringsparti har stramma til på ein måte som vil gjere det vanskelegare for varslarane.

I innstillinga frå kommunalkomiteen frå 31. mai 2005 gjekk Ap, SV og Sp innfor å slå fast at

«1. Arbeidstaker har rett til å varsle offentligheten om kritikkverdige forhold i virksomheten der dette ikke er i strid med annen lov.» og

«2. Gjengjeldelse mot arbeidstaker som varsler etter første ledd er forbudt.»

Dei tre partia slo også fast at norske arbeidstakarar måtte sikrast rettvern for ytringar og varsling som minst var like bra som i Sverige.

I det framlegget som regjeringa og dei tre partia nå står bak, står det for det første ingenting om varsling offentleg. Dessutan heiter det at framgangsmåten ved varslinga skal vere «forsvarleg».

Framlegget har møtt sterk kritikk, frå mellom andre professor Jakhelln. Kritikarane meiner det vil opne for endelause diskusjonar om kva som er «forsvarleg».

Lojalitetskrav

«Arbeidstaker har rett til å varsle kritikkverdige forhold i virksomheten på en lojal måte.»

Framlegget opna for hard tautrekking om kva det innebar å opptre på «lojal måte» overfor bedrifta eller arbeidsplassen.

I det nye framlegget går dei tre partia saman med Frp inn for at:

«Arbeidstaker har rett til å varsle offentligheten om kritikkverdige forhold i virksomheten.»

Men føresetnaden er at varslaren ikkje har «skadehensikt», at han ikkje røpar bedriftsløyndomar eller forretningsforhold som kan ha vesentleg konkurransemessig verknad, eller som er omfatta av teieplikt. Dessutan må arbeidstakaren først ha teke opp forholdet internt, med mindre intern varsling har framstått som formålslaus.

Vil ha fleire varslarar

Stortingsrepresentant Karin Andersen (SV) som leier arbeids- og sosialkomiteen, vedgår overfor Bergens Tidende at lovteksten som dei tre nåverande regjeringspartia fremja i 2005, var betre enn den dei nå står bak.

Ho meiner likevel at lovframlegget som regjeringspartia står bak, vil verke klargjerande, og til støtte for varslarar som er «i god tru».

— Det er brei semje i Noreg om at varslarane sin posisjon må styrkast. Det er sterkt ynskjeleg med fleire varslarar både i privat og i offentleg sektor for å avdekke kritikkverdige eller ulovlege forhold, mellom anna korrupsjon. Det er difor viktig å fylgje opp korleis praksis nå utviklar seg etter lovendringane, seier Andersen.