Innhald, helsepåstandar, dokumentasjon. Frå 1. januar neste år skal alt sjekkast ved Norsk register for naturmidlar, før nye produkt blir sleppte ut på marknaden. Eksisterande produkt skal kallast gruppevis inn til analyse og kontroll — i regi av bransjen sjølv.

— Det er helsekostkjedene som har tatt initiativ til ein slik kontroll, for å føle seg sikre på at produkta er trygge, og kontrollerte for innhald, seier leiar for Bransjerådet for Naturmidler, Turid Backer.

— Vil internkontrollen også gå god for eventuell effekt?

— Ja, i forhold til virkestoff og anerkjent kunnskap og tradisjon, er svaret frå Backer.

Ein del av analysane ved Norsk register for naturmidlar kjem til å bli utførde i Sverige, som har tjue års erfaring med slik produktkontroll.

— Korleis kontrollere at alle nye produkt blir leverte inn?

— Fordi grossistane vil krevje det, før produkta blir sende vidare til kjedebutikkane. Klarar vi å fange opp 98 prosent, er det svært bra.

Bransjen har lenge etterlyst eit meir aktivt samarbeid med Staten om kontroll av kosttilskot og naturmedisin - utan hell.

— Den nye internkontrollen er blitt skulda for å vere «bukken til havresekken», fordi helsekostbransjen skal kontrollere seg sjølv. Mens Staten på si side ikkje har gjort nokon ting, hevdar Backer.