Vesle Alexander hadde det travelt. Den nye florøværingen kom til verda på Kvinneklinikken i Bergen 5. april, nær tre månader før planen.

På grunn av morkakesvikt måtte guten ut med keisarsnitt. Då vog han berre 950 gram. Men sjølv om Alexander er ein liten fyr, har han stor appetitt. No veg han 3,5 kilo.

Heller ikkje dei to brørne hans, Tom André (16) og Chris Petter (8), fekk nok næring i mors mage.

— Problemet har vore morkaka kvar gong, fortel mamma Ingrid Areklett.

Små barn

Eldstemann kom seks veker før tida, og vog 1950 gram, mens den mellomste, som kom til termin, hadde ei fødselsvekt på 2940 gram.

— Problem med morkaka, for tidleg fødslar, små barn og svangerskapsforgifting har vore gjennomgåande i familien vår. Mor mi var veldig redd, då det gjekk mot for tidleg fødsel denne gongen også - særleg med tanke på seinskadar for barnet, som dysleksi, motoriske problem og konsentrasjonssvikt, seier Areklett.

Trebarnsmora var ingen tungvektar sjølv ved fødselen. 2920 gram vog ho, godt under gjennomsnittet. Dei tre søskena hennar var også små, og den eine søstera kom for tidleg.

Både ei søster av Ingrid Areklett og hennar dotter er blitt ramma av svangerskapsforgifting, og svigerinna har hatt morkake-komplikasjonar. Også eit søskenbarn fekk svangerskapsforgifting.

— Men den arvelege samanhengen har eg eigentleg ikkje tenkt over - ikkje før minstemann vart fødd, og legane byrja å stille spørsmål, fortel ho.

- Turbulent

Areklett er ei av kvinnene som er blitt bedne om å delta i studien om svangerskapsforgifting på KK. Truleg blir også fleire andre kvinnelege familiemedlemmer kontakta.

— Det er kjempebra at forskarane prøver å finne årsakene. Håpet er at dei kan hjelpe kvinner med svangerskapsforgifting og morkakeproblem til å fullføre svangerskapet, slik at dei slepp for tidleg fødslar, seier Arneklett til BT.

Sjølv har ho opplevd to tidlegfødslar med seksten års mellomrom, og veit kva det inneber å få eit prematurt barn.

— Det er turbulent mens det står på, men flott at dei kan redde desse små som er friske. I løpet av desse åra har det vore stor utvikling og innsats innan forsking og legestand på området

Men Areklett har også erfart at det blir vanskelegare å få hjelp, når den premature veks til. Eldsteguten slit blant anna med dysleksi og motoriske problem, truleg fordi han vart fødd for tidleg.

— Mange premature treng ekstra oppfølging og støtte, men sjølv har eg møtt veggen fleire gonger i forsøk på å skaffe Tom André hjelpa han treng. Håpet mitt er at samfunnet i langt større grad også vil følgje opp desse barna seinare i livet, i barnehagen og på skulen.

<b>FØDDE FOR TIDLEG:</b> Vesle Alexander kom elleve veker for tidleg, fordi han ikkje fekk nok næring i mors mage. Storebror Tom André (t.h.) var også prematur, mens Chris Petter (t.v.) hadde fødselsvekt på under tre kilo. Derfor skal mamma Ingrid Areklett delta i eit nytt forskningsprosjekt ved Kvinneklinikken i Bergen. FOTO: JAN OTTO HOVDEN