Eit heitt møte mellom folket (les: hytteeigarane) og Forsvaret enda likevel tilsynelatande forsonande. Partane uttrykte ynskje om å snakka betre saman i framtida.

Batalje

Prosjektleiar Arild Byrkjeland og sjefen hans i Forsvarsbygg, Per Egil Steen, gjorde greie for arbeidet med ein sambruksplan for det 50 år gamle skytefeltet. I utgangspunktet er det stengt for sivil ferdsle under skarpskyting. Men Forsvaret har ingenting mot at sivile brukar området når dei sjølve ikkje er der. Slike sambruksplanar er heimla i ei stortingsmelding frå 1992/93. Planen for Mjølfjell kan bli klar for høyring om eitt års tid.

Herleiv Halland gjekk til verbalt åtak på brei front. Han leiar Interessegruppa mot flybombing. Gruppa har halde fast ved namnet, sjølv om bombefaren er over, planane om bombing frå fly er lagt bort.

— Forsvaret driv med ei fullstendig tåkelegging av planane sine, hevda han.

Halland var overtydd om at Forsvaret har langt meir omfattande planar for utbygging og bruk av skytefeltet enn dei vil ut med. Taktikken er å bygga ut bit for bit. Dette hadde han fått opplyst av sikre kjelder høgare oppe i systemet, utan at han ville nemna namn.

Kontant svar

— Eg vonar at det går opp for folk kva som er i ferd med å skje. Framleis er det mange som ikkje trur det er så gale, sa Herland, og spådde ein militær aktivitet nær hytteområda som ikkje er til å leva med.

Før Forsvaret sine offisielle målsmenn fekk summa seg etter den verbale salva, tok tidlegare regimentsjef, oberst Nils Hesjedal, no pensjonist, ladegrep og gjekk til motåttak. Han avslutta tiraden med å hevda at Halland sitt innlegg var "det næraste ein kan koma tull og sludder".

Tidlegare kommunestyremedlem, major Morten Lødøen var om lag like fordømmande.

Det vart klarlagt at øvingsaktiviteten har vore langt mindre dei siste åra enn før Nato i 2002 la ned "brannkorpset" sitt og hadde 1500 britar på Voss kvar vinter sidan 1967. Det vart også presisert at ein bombekastar er eit bitte lite våpen, samanlikna med ei flyboren bombe.

Roa gemyttane

Steen nøygde seg med å konstatera at Halland har ei anna oppfatning av røyndomen. Han heldt fast på at Forsvaret vil tilby sivile å bruka skytefeltet når det er ledig, og fekk tilslutnad til vidare arbeid med sambruksplanen.

Planperiodane plar vera på fire år. Kva endringar framtidige regjeringar måtte koma med, veit ingen.

— Vi har inga målsetting om å skyta med skarpt akkurat i skulane sin vinterferie, men av og til må vi gjera det, sa oberstløytnant Oddmund Nygård, sjef for Alliert Treningssenter Sør.

Overfor Bergens Tidende forklarer han at den aktuelle nederlandske hovedstyrken er på Voss i berre to veker, og det blir øvingsmessig bakvendt å ta skarpskytinga først, og opplæringa etterpå.

Skyting i vinterferien har ikkje vore uvanleg tidlegare heller, men så lenge skulane på Voss og i Bergen hadde ulik ferieveke, var det oftast vossingane det gjekk ut over, fortel Nygård.

FOLKEMØTE: Eit utsnitt av dei rundt 60 som deltok i "krigen" om Mjølfjell. På talarstolen Herleiv Halland i aksjonsgruppa.
ARNE HOFSETH