Men på pressekonferansen meddelte han at han slett ikkje har planar om å gje seg. Han sa at han vil stå på så lenge han meiner han har uløyste oppgåver og så lenge han føler at han har tillit frå statsministeren og sitt eige parti, Høgre.

Norman vedgjekk at det har vore hardt og tungt med mediepresset dei siste vekene. Han hadde vore inne på tanken om å gå, men funne ut at han vil halde fram.

La fram «skryteliste»

På pressekonferansen la han fram ein detaljert oversikt over flyreisene hans som sist kom i fokus. Han meiner det avfeier all kritikk.

Han la også fram ei «skryteliste» over alt han har fått til som statsråd.

Han forklarte at føremålet med pressekonferansen var å tilbakevise det han meinte var eit feilaktig bilete som er skapt av han med eit liv i luksus.

Norman var ikkje villig til å øve sjølvkritikk på eit einaste punkt. Då han fekk spørsmål om det, nemnde han at han angra på at han som 6-åring i Risør, saman med ein kamerat, hadde løyst trossene til båtane som låg fortøyd i småbåthamna.

Han gjekk sterkt ut mot Frp-formann Carl I. Hagen, som han hevda rører seg på eit lågmål — «som nå er oppteken av brunost på rundstykkene eg et».

Han hevda at det ikkje var noko mål å gjere representasjonsutgiftene minst mogeleg. Og han hevda at det ville vore uråd å få til eit inntektspolitisk samarbeid utan at han brukte ein god del pengar på servering for partane i arbeidslivet. Han sa også at det ikkje hadde blitt nokon avtale om utbygging i Bjørvika i Oslo, utan at han hadde teke dei sentrale deltakarane med på ein fin restaurant.

Statsministeren orientert

Garva kommentatorar har aldri opplevd ein liknande pressekonferanse frå ein statsråd. Omkvedet er at Normans dagar snart er talte, som statsråd. Og fleire røynde politiske journalistar reiste spørsmål om statsministeren var innforstått med og hadde godkjend at Norman heldt denne pressekonferansen.

Noko klart svar gav han ikkje, men han opplyste at statsministeren hadde ynskt han lykke til, då han forlet statsråd på slottet for å gå til pressekonferansen.

Informasjonssjef Øivind Østang ved statsministerens kontor seier til Bergens Tidende at statsministeren var orientert på førehand om pressekonferansen.

Norman fekk også spørsmål om kor lurt det eigentleg var å halde ein pressekonferanse med eit slikt tema.

Norman vedgjekk at det kanskje ikkje var så lurt, men at han hadde behov for å korrigere det inntrykket som han meinte var skapt av han, som grådig.

Ein tidlegare politikar med lang fartstid både som parlamentarikar og statsråd har denne reaksjonen:

— Det burde ha ringt ikkje berre bjøller, men dombjøller ved statsministerens kontor til åtvaring mot ein slik pressekonferanse.