Det er heilt opp til riksadvokaten sitt frie skjøn om han ynskjer å gå inn og vurdere den klagen som nå er varsla frå kvinna. Det får Bergens Tidende opplyst ved riksadvokaten sitt kontor.

I eit rundskriv frå riksadvokaten frå 1996 som gjeld behandling av klagesaker, er det slege fast at riksadvokaten vil fylgje ein relativt restriktiv praksis når det gjeld å behandle såkalla tredjeinstanssaker. Det vil seie at riksadvokaten vil vere tilbakehalden med å vurdere saker som først er behandla og avgjort av politiet og som så er avgjort av statsadvokaten etter klage dit.

Kjendisadvokat engasjert

Kvinna som skuldar Medhaug for valdtekt ynskjer sterkt å køyre saka vidare og «stå løpet ut», som advokat Hege Salomon formulerer det overfor Bergens Tidende.

Det er kvinna sjølv som har ynskt å engasjere advokat John Christian Elden i tillegg til advokat Hege Salomon.

Ifylgje Salomon vil Elden nå vere hovudadvokat med assistanse frå henne sjølv. Dei to advokatane skal ha møte med kvinna i neste veke for å drøfte løpet vidare.

Elden har antyda at det kan vere aktuelt å gå til sivilt søksmål i saka.

Salomon opplyser at ho ikkje har rådd klienten til å gå til sivilt søksmål.

Advokat Bjørn Vikse, som er Medhaug sin advokat, seier til BT at han stiller seg totalt uforståande til at nokon i det heile kan tenke tanken på å gå til sivilt søksmål mot Medhaug i denne saka.

Kan bli pressa til å stå fram

Bergens Tidende er kjent med at enkelte media nå vurderer å offentleggjere namnet på kvinna. Hittil har ho kunna opptre anonymt med skuldingane sine mot Medhaug. Ho har late seg intervjue anonymt i fleire media og også fått innlegg på trykk anonymt.

— Det har vore ein klar ubalanse i dette. Medhaug har måtta finne seg i ei offentleg audmjuking gjennom ni veker, men den som kjem med skuldingane får opptre anonymt, seier advokat Bjørn Vikse.

Generalsekretær Per Edgar Kokkvoll i Norsk Presseforbund seier i ein kommentar til BT at media bør vere særleg merksame på korleis ein formulerer seg i saker der den eine parten er namngjeven og den andre opptrer anonymt.

Han ser ikkje bort frå at situasjonen etter kvart utviklar seg slik at ein anten må namngje begge eller heilt slutte å skrive om saka. Det siste meiner han vil vere uheldig.