• Vi kan ikkje ha eit system som opnar for spelekasino i Os og null spel i Bergen.

På denne måten avviser kulturminister Trond Giske kravet om at lokalpolitikarane skal få avgjere om det skal utplasserast spelterminalar i kvar og ein kommune.

Automatstopp

Frå 1. juli og ut 2007 blir det «automatstopp» i Noreg: Ingen lovlege speleautomatar. Først frå årsskiftet igjen blir det mogeleg å spele på automatar som nå blir omdøypt til «spelterminalar».

Regjeringa har bestemt seg og reknar med å få tilslutnad i Stortinget for den framtidige spelpolitikken. Politikken skal vere nasjonal. Men dersom det i ein kommune er slik at ingen aktuell avtalepartnar ynskjer å setje opp ein automat, så blir det heller ingen automat i kommunen. Slik vil det vere uavhengig av kva lokalpolitikarane måtte meine. Regjeringspartia som har fleirtal, står i alle fall samla bak den nye politikken.

— Nærast utilgjeveleg

Bodskapen er klar:

Det blir ei kraftig tilstramming i spelmarknaden som blir langt strengare enn den politikken forgjengaren, Valgerd Svarstad Haugland (KrF), presenterte i 2003.

— Korleis kunne ein tillate at omsetnaden auka frå åtte til 28 milliardar i løpet av få år under Bondevik II-regjeringa. Det er nærast utilgjeveleg at ein ikkje gjorde noko. Hadde ein grepe inn, kunne ein unngått mange triste lagnader for speleavhengige, seier Giske.

Sjølv innførde Giske i fjor sommar nærmast «over natta» forbod mot bruk av setlar og nattestenging av automatane. Begge tiltaka resulterte i ein dramatisk nedgang i omsetnaden på automatane.

Omsetnaden fell

— Denne reforma kjøler ned dagens automatmarknad ganske kraftig. Det er pårekneleg at omsetnaden fell til under 10 milliardar kroner. Då vi tok tak i dette for nokre år sidan var omsetnaden oppe i meir enn det doble, seier Atle Hamar, direktør for Lotteritilsynet i Førde.

Hamar slår fast at i alle land han kjenner til, er spelpolitikken nasjonal, om ein då ser bort frå USA og Tyskland der det er opp til delstatane å avgjere.

— Ut frå erfaring og forsking veit vi at spelavhengige søkjer seg dit det finst terminalar. Difor er det inga løysing med kommunale «spelefrie soner». Å hevde det motsette er som å stikke hovudet i sanden, seier Hamar.