I nabokommunen Fitjar var tilbakegongen 6,5 prosent, i Kvinnherad 9 prosent, i Etne 7,1 og i Austevoll heile 12,1 prosent.

Fitjars stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn kan heller ikkje vera nøgd med valet på heimlege trakter. I Fitjar var KrFs tilbakgong på 2,9 prosent, i Stord og Kvinnherad 2 prosent.

Bru— og tunnelforkjempar Øyvind Halleraker surfar inn i Stortinget gjennom god Høgre-støtte også frå heimkommunen Bømlo og Sunnhordland elles. Høgre-framgongen er størst i Austevoll, 11,8 prosent.

Venstre, med Sveios May-Britt Vihovde som representant i det avtroppande stortinget, har ein tilbakegong på mellom to og tre prosent i Sunnhordland-kommunane.