Dermed har minst tre markerte KrF-arar frå Hordaland sagt frå om at dei ønskjer ungdomskandidaten som nestleiar når Knut Arild Hareide går av.

Hareide sjølv har alt sagt frå at han kan tenkja seg 25-åringen frå Åsgårdstrand i Vestfold som ny nestleiar. Veteranen Hans Olav Tungesvik har sagt det same, men skal ikkje til landsmøtet for å røysta.

Stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn strekar under at hans støtte til Inger Lise Hansen ikkje betyr at han har noko negativt å seia om dei to andre kandidatane, som er innstilte frå valnemnda. Dei to er Odd Anders With frå Nordland og Ellen Solheim frå Rogaland.

– Vi har tre svært gode kandidatar, og står overfor eit luksusproblem. Når eg har vald å støtta Inger Lise Hansen, så er det fordi ho har gått gjennom ei imponerande politisk utvikling. Dette har eg kunna observera dei to siste åra, der vi har site saman i KrF sitt sentralstyre. Hansen kommuniserer godt, ho er ein god debattant, ho er god til å tenkja prinsipielt og ho står trygt på partiet sitt verdigrunnlag. Dessutan har eg alltid opplevd henne som ryddig og til å lita på, seier Sørfonn.