I eit brev til Norsk språkråd varslar departementet at det vil kome attende seinare til dei framlegga Språkrådet har vedteke dei siste åra. Dersom departementet seinare kjem til at det skal gjerast endringar, vil endringane først kunna gjelde frå skuleåret 2005–2006, opplyser departementet i ei pressemelding.

Språkrådet foreslo i 2000 å oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer i bokmål og å fjerne ein del lite brukte former frå bokmålsrettskrivinga. Rådet vedtok òg endringar i nynorskrettskrivinga, men gjorde i 2003 framlegg om at ein i nynorsk framleis skal halde fast på skiljet mellom hovudformer og sideformer. Hovudformene er dei formene som etter reglane skal nyttast i lærebøker og i statstenesta, mens elevane kan nytte sideformer i skriftlege arbeid i skulen. Sideformene er i ordbøker og ordlister markerte med klammer eller hakeparentes.

Døme på sideformer i bokmål er bikkjen, bruen, bryggen, felen, jenten og kuen.

Hovudformene for desse orda er brua, brygga, fela, jenta og kua. Eksempel på sideformer i nynorsk er drøm, flom, hjerte, strøm og vold. Hovudformene er draum, flaum, hjarte, straum og vald.

Framlegg frå Språkrådet om større endringar i rettskrivinga må godkjennast av Kultur— og kyrkjedepartementet. Og inntil vidare blir det altså ingen endringar i norsk rettskriving.