Før kom nesten ingen på apoteket med Tamiflu-resept frå legen. Men frykt for fugleinfluensa får no friske folk til å hamstre influensamedisin. Dét kan vise seg å vere bortkasta pengar — og medisin.

Tamiflu som du kjøper på apoteket i dag, går ut på dato alt i juli neste år, viser BTs ringerunde til fleire apotek i Bergen. Det kan bety at store mengder medisin hamnar i søpla.

— Dette er ein viktig beskjed til folk som hamstrar: Å kjøpe influensamedisin for å vere på den sikre sida har avgrensa verdi, seier divisjonsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Hanne Nøkleby, til BT.

— Får du ikkje brukt medisinen i løpet av eit drøyt år, må han kastast. I mellomtida kunne andre hatt behov for han.

Ikkje nok til alle

Influensamedisinen finst nemleg berre i avgrensa mengder. Derfor er hamstring problematisk, særleg når det skjer samtidig som den årlege influensaen breier seg over landet.

— Det er eit problem om medisinen blir liggande heime hos friske folk istadenfor hos dei som treng han, seier Nøkleby.

— For det er førebels ingen teikn til influensapandemi (omfattande epidemi, red. anmerkn.), og vi veit ingenting om når den eventuelt bryt ut. Det kan vere i år, neste år eller om ti år. Då kan det vere fugleinfluensa eller noko heilt anna

— Er det for lett å få legar til å skrive ut resept på slik medisin?

— Legane bør tenkje over kva dette gjer med lageret av influensamedisin, og sørge for at det finst preparat til dei som treng det.

- Ikkje i mitt kjøleskåp

President i Den norske Lægeforening, Hans Kristian Bakke, seier at det er eit stort problem, dersom folk tømmer apoteka for medisin like før den årlege influensaepidemien.

— Då kan ikkje legane skrive ut influensamedisin til kronisk sjuke som verkeleg treng det, seier Bakke til BT.

— Trur du at ein del medisin kjem til å ende i søpla?

— Heilt sikkert, hvis folk kjøper Tamiflu berre for å ha medisinen i beredskap.

Forrige veke gjekk ein norsk lege ut i VG, og oppfordra alle til å hamstre Tamiflu i tilfelle det kjem ein fugleviruskatastrofe. Etter Bakkes meining er dette eit dårleg råd.

— Det ligg iallfall ikkje slik medisin i mitt kjøleskåp. Hvis det er ei oppfatning at det trengst ein nasjonal beredskap, må det offentlege stå for den, ikkje privatfolk. Å oppfordre folk flest til å hamstre er etisk betenkeleg, når vi veit at det er for lite medisin på marknaden, seier Bakke til BT.

- Vanskeleg å nekte folk

Dyrt er det også. For ein familie på fire kostar det cirka tusen kroner å ha tamiflu i beredskap til alle.

— Kanskje får ikkje familien brukt medisinen før den går ut på dato, og må derfor kjøpe ny neste vinter, seier Bakke.

Samtidig seier han at det er vanskeleg for legar å nekte folk legemiddelet, så lenge det finst på marknaden.

— Det er heller ikkje etisk uforsvarleg, så lenge legane informerer om nytteverdi, pris og vurderer om det er grunnlag for at pasienten ikkje bør bruke medisinen.

FAKSIMILE FRÅ GÅRSDAGENS BT.