Arvind Thattai (32) er indisk tamil, busett i England, underviser på femte året i internasjonal forretningsjus og oljerett på Universitetet i Norwich – og snakkar så godt som korrekt nynorsk med aksent.

No har den norske kona hans, Ranveig Mossige Thattai, fått stipend frå Noregs Mållag for å arbeide med nynorsk-Wikipedia, og ekteparet planlegg å flytte til Noreg. Thattai ønskjer å halde fram med undervise i jus også her i landet, men for å få jobb meiner han at han bør dokumentere norskkunnskapane sine.

— Kor sannsynleg er det at eg blir teken på alvor, hvis eg skriv i ein søknad at eg kan undervise på norsk? Eg kan norsk på ganske høgt nivå, men vaks opp i India og har aldri budd i Noreg. Derfor vil eg gjerne ta ein språktest, seier Thattai på grammatisk korrekt nynorsk.

Språktest berre på bokmål

Problemet for den tamilske nynorskbrukaren er at språktesten - den såkalla bergenstesten - berre finst på bokmål.

— Eg har bedt om å få ein nynorsk versjon, men svaret er nei. Eg fekk også opplyst at det heller ikkje er planar om å omsetje testen til nynorsk, fortel Thattai, som seier at det er uaktuelt å ta bergens-testen i bokmål.

— Eg kan skrive litt bokmål, men neppe på høgt nok nivå til å ta testen. Har eg ikkje anna val, må eg ta eksamen i norsk på vidaregåande skule i staden.

— Kva inneber det at det kan ta lang tid før du får dokumentert at du kan norsk?

— At eg berre kan søkje universitetsstillingar der undervisninga er på engelsk. Slike jobbar er det få av i Noreg.

Thattai lærte seg norsk, då han møtte Ranveig frå Jæren. Han valde nynorsk. Det er hennar skriftspråk, og det språket som ligg nærast opp til dialekta familien hennar snakkar.

— Eg tenkte eg at det ville vere lurt å velje nynorsk, for å kunne snakke med dei, seier Thattai til BT.

Vesaas og Vinje

Han har ikkje angra på at han valde nynorsk, særleg fordi han har få problem med å forstå norske dialektar.

— Ganske sikkert fordi eg lærte nynorsk, meiner han.

På avdeling for skandinavisk språk ved Universitetet i Norwich hadde dei tre bøker om nynorsk – Ivar Aasens grammatikk, ei polsk-nynorsk ordbok og ei lærebok i nynorsk for norsk-amerikanarar.

— I tillegg las eg Vesaas, Vinje - og Dag og Tid, sjølvsagt!

Kona hans er oppgitt over at testen berre finst på eitt av dei to skriftspråka i Noreg, og meiner dette blir heilt feil språkpolitisk.

— I følgje lova skal det vere jamstelling mellom bokmål og nynorsk. Innvandrarar får berre opplæring i bokmål, same kor i landet dei bur. Det finst mest ikkje undervisningsopplegg i nynorsk for innvandrarar, seier ho til BT.

— Vi har lyst til å slå oss ned ein stad vi har røter, og trur Noreg er det beste landet å velje. Men kanskje vi flyttar til India istaden. Iallfall er eg meir velkomen der enn han er her, seier Ranveig Mossige Thattai.

Arvind Thattai og Ranveig Mossige med datter Siri på armen.
Kjersti Mjør