Det handla om samferdsle, naturleg nok. Borghild Tenden, som no representerer Venstre i Akershus, er oppteken av togtilboda i heimfylket sitt. Der står toga ofte meir enn dei går. Tenden meiner samferdsleminister Navarsete har ansvar for dette, og ville ha fortgang i utbetringa av togtilboda.

Då såg den grøne Sp-leiaren raudt.

— Tenden har frekkhetens nådegåve, sa ho, og gauv laus på Venstre, som hadde ansvar for samferdsle frå 2001-2005.

Navarsete fortalde kor lite som skjedde med jernbanesatsing dei fire åra Torill Skogsholm (V) var samferdsleminister.

— Er det noko eg er stolt over, så er det jernbanesatsinga til denne regjeringa, sa Navarsete.

«Tåpeleg»

Brått reise stortingspresident Thorbjørn Jagland seg frå stolen sin, og avbraut møtet.

— Eg er blitt fortalt at statsråden nytta omgrepet tåpeleg om ein representant. Er det rett, er det langt utanfor parlamentarisk praksis, sa han

Men det var ikkje slik det hang saman.

Det var Høgres Øyvind Halleraker som hadde sagt til statsråden at i år vert det asfaltert 400 km mindre veg enn i fjor.

— Det var ein tåpeleg målestokk, svara Navarsete, og fekk refs.

I Vandrehallen etterpå hugsa ho ikkje kva ho hadde sagt, men trudde kanskje ho hadde tatt «tåpeleg» med i omtalen av Tenden.

Heidis kuvending

Så var det sunnfjordingen Heidi Grande Røys sin tur til å få kjeft. Også den kom frå Venstre.

I opposisjon stod SV saman med Venstre i kampen for eit lobbyregister, der folk kan få innsyn i kven som påverkar makta. No er Grande Røys statsråd, og har snudd heilt om. I eit brev til Stortinget argumenterer ho sterkt, og til dels ironisk, mot framlegget ho før var for.

I går svara ho at det var uråd for SV å få fleirtal for saka, slik heller ikkje Venstre fekk då dei sat i regjering, gneistra Grande Røys.

Som vart omtala som «statsråd Navarsete», av president Jagland.

Sei di meining om saka her.

Sigurdsøn, Bjørn