Medan fleire bilvegar er stengde i pinseutfarten, prøver NSB etter beste evne å halda tettpakka tog i rute.

Sykkeltoget, som no supplerer Ettermiddagsekspressen Bergen — Oslo vart i ettermiddag hindra av beinbrot i eit stilleståande tog. Ei eldre kvinne var uheldig og fall like etter ombordstiging på Voss stasjon, og ambulanse måtte tilkallast.

Pinsepassasjerar som ikkje hadde sikra seg plass på Ettermiddagsekspressen, men satsa på Sykkeltoget i staden, måtte i dag ta lokaltog til Voss på grunn av seint innkomande tog,

Sykkeltoget frå Oslo vart snudd på Voss for å ta inn att tapt tid. Her vart det omstinging frå eit ekstra langt lokaltog til meir komfortable vogner på Oslotoget. På Voss stasjon ser ein fram til at planlagt utbetring av plattformene blir gjennomført.

Passasjerar på veg over frå lokaltog (til venstre) til regiontog på plattform 2 på Voss stasjon.
Arne Hofseth