Kvar fjerde nordmann trur ikkje klimakrisa er menneskeskapt.

Ein bil susar forbi nede på riksvegen. Så vert det stille. Utanfor stoveglaset på Urheim står frukttrea i rekkjer heile bakken ned mot Sørfjorden.

— Naturen er sjefen. Han vil alltid klare seg.

Fruktbonden Asbjørn Lutro har ikkje merka stort til klimaendringar sidan han kjøpte garden i 1994. Det vil seie, kvar gong han har meint at no var det gale, set 90 år gamle Synneva Urheim i kårhuset ned i vegen skåpet på plass.

— Ein gong det regna mykje, fortalde eg henne at eg var bekymra. Ho svarte berre: «Du skulle sett i 40 då skreda kom». Eg føler at kva enn eg kjem med, så har det alltid vore verre før, flirar Lutro.

Ei meningsmåling som Respons har gjort på oppdrag for TrygVesta viser at nordmenn er blitt langt mindre bekymra for klimaendringane dei siste to åra.

I oktober 2007 svarte 38 prosent at dei var «i stor grad bekymret for at endringer i klima skal få alvorlige konsekvenser for livet på jorden». No i haust (september) svarte berre 27 prosent det same. Minst bekymra var folk på Sørlandet, Nord-Norge og på Vestlandet.

Totalt upåverka av forskaranes stadig meir dramatiske meldingar er vi likevel ikkje. Legg vi saman dei med bekymringar («i stor grad» pluss «i noen grad»), er framleis eit fleirtal på 64 prosent bekymra, sjølv om det er ned frå 76 prosent for to år sidan.

Alle kjøper billig på Europris, og kastar etter kvart. Men det er forbruket som har gjort at vi har eit menneskeskapt klimaproblem. Eg meiner naturlege svingingar er viktige, men at vi påverkar klimaet, trur eg òg, seier Lutro.

Det er ikkje så langt frå fruktgarden i Ullensvang ut til Mongstad. 16 mil med bil. Det er likevel ei anna verd. For fruktbonden Lutro er naturen sjefen. Her er det menneska som rår.

— Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru.

Trine Holsen har peika ut området der Stoltenberg-regjeringa ein gong skal byggje sitt mest omdiskuterte monument. Der, nedanfor den kunstige vollen vi står på, heng heisekranene over tomta til anlegget som skal fange CO2 frå gasskraftverket ved sidan av.

— Det er bra det er fokus på det, men kva dei skal bruke CO2-en til, bortsett frå å injisere han i Nordsjøen, veit vi jo ikkje. Men det var jo det same med fluor, det var også eit avfallsstoff. CO2 er ein del av fotosyntesen, så det må då kunne brukast til noko.

Til dagleg jobbar Holsen som automatikar, ein type elektrikar, på sjølve Mongstad-anlegget ved sidan av. Her passar ho på at viktige sensorar verka som dei skal, slik at oljen får den rette behandlinga i raffineriet.

— Har du dårleg samvit for å jobbe i oljeindustrien?

— Nei. Men eg må seie eg tenkjer på forureininga ein del, ja. I alle fall når det gjeld utviding som oljeboring i Lofoten. Samtidig blir teknologien utvikla og vi ureinar stadig mindre, seier ho, og nemnar gjenvinning av avgassar frå båtane som fyller tankane på raffineriet. Før gjekk alle avgassane rett ut i lufta. No blir dei resirkulerte.

Døgnet rundt strøymer tjukk råolje inn i tankane på terminalen på Mongstad frå rør som strekkjer seg ut til plattformene der ute i havet. Frå oljefelta Troll, Kvitebjørn og Fram.

Ein tredel av all statleg olje frå norsk sokkel går inn hit, for så å bli sendt ut til den store verda med digre tankbåtar. Oljen og gassen Norge eksporterer, utgjer mellom 2 og 2,5 prosent av dei globale klimautsleppa. Det er mykje for eit lite land.

Men når båtane går ut, kjem det pengar tilbake. Mykje pengar. Berre i år brukar staten rundt 120 milliardar kroner av oljeinntektene over statsbudsjettet, nok til å finansiere heile helsevesenet. Det norske folket har mykje å takke oljen for.

Mange av dei som har gjort det mogleg å hente opp oljen, har ein gong i tida gått rundt i gangane i ein grå betongkoloss på Nygårdshøyden i Bergen. Kvart år går nye kull studentar ut av Realfagbygget til godt betalte jobbar i oljeindustrien.

Det er ti år sidan Olav Kvalheim dreiv med oljeforsking. No brukar kjemiprofessoren kunnskapane sine i modellering og kjemi til medisinsk forsking, til å utvikle plantemedisinar i Kina, og til å kjempe mot FNs klimapanel.

— Sjå på denne!

Ein graf med fjell og dalar fyller dataskjermen. Ein blå, som viser globale temperatursvingingar, og ein raud, som Kvalheim har konstruert ved hjelp av matematiske modellar, såkalla modellering. Dei overlappar kvarandre ganske bra heile vegen frå 1865 til i dag.

Poenget til Kvalheim er at hans raude graf viser at klimaendringane kan forklarast som naturens eigne variasjonar. Han kan trekkje grafen 2000 år tilbake, og vise både den varme perioden i vikingtida og den vesle istida i mellomalderen.

Sidan dei reelle temperaturendringane òg for dei siste 150 åra ligg innanfor tidlegare temperaturendringar, viser det at klimaforskarane juksar når dei hevdar at klimaendringane dei siste 50 åra må vere menneskeskapte. Dei har ikkje grunnlag for å seie at menneska har endra klimaet i det heile. Meiner Kvalheim.

— Temperaturauken frå 1920 til 1940 var like skarp som i åra 1980-2000. Frå 2001 har temperaturkurven flata ut og byrja å falle!

— Seier du at 2500 av verdas fremste klimaforskarar tek feil?

— Det er ikkje så mange som står bak modelleringa av temperaturutviklinga. Det er berre nokre få.

Sidan byrjinga av hundreåret har temperaturen gått markant opp, og tiåret frå 1990 var det varmaste sidan målingane starta. Kvalheim er ikkje usamd i det, men meiner det er naturen sjølv som har ordna det.

Kvalheim tok opp kampen mot FNs klimapanel, som har medlemmer på Bjerknessenteret eit par hus lenger borte i Allégaten, mellom anna på grunn av «månelandingsprosjektet» på Mongstad.

— Å bruke 40-50 milliardar kroner på teknologi som ingen kjem til å kjøpe - det må stoppast.

— Kva om du tek feil, vi ikkje gjer noko og klimapanelet får rett i at det går til helvete?

— Eg tek ikkje feil. Verda går ikkje til helvete.

Kvalheim er ikkje åleine om dette synet. Nordmenn er meir skeptiske til at klimaendringane er menneskeskapte enn folk i dei fleste vesteuropeiske land. Medan 10 prosent av folket i våre nordiske naboland trur klimaendringane skuldast naturlege svingingar, gjer 20 prosent av nordmenn det same, viste ei nordisk meiningsmåling tidlegare i haust. Ei ny måling BT har fått gjort, tyder på at talet jamvel er endå høgare.

Her plasserer han òg Klimarealistene, som ein ny, gryande nei-kamp. Kvalheim har meldt seg inn.

Klimarealistene presenterer seg som «en organisasjon for deg som reagerer negativt på det ensidige og massive budskapet om en menneskeskapt klimatrussel som presenteres i aviser, radio og fjernsyn».

Kvalheim er heilt på linje med organisasjonen: Media har tatt parti for klimaforskarane, som får nevane fulle av forskingspengar. Motstandarar slepp ikkje til.

For det er i media kampen står. Det er her dei fleste av oss hentar informasjon om klimaendringane. Det er eit av funna til ei gruppe forskarar ved NTNU, som har sett på nordmenns syn på klimasaka.

Analysen, som er basert på samtalar i ti ulike fokusgrupper, viser at folk har fått med seg ulike syn på klimakrisa gjennom media.

Dei fleste i gruppene meiner klimaendringane er reelle og menneskeskapte, men mange viser til usemje mellom forskarar, og at pressa overdriv. Ikkje minst gjeld det måten pressa har brukt samtidige vêrfenomen (ekstremvêr) som «bevis» for at klimaendringane er reelle. Då er det lett, spesielt for eldre folk, å slå i bordet med tilsvarande dritvêr frå gamle dagar.

Ifølgje professor Marianne Ryghaug, som er ein av forskarane bak analysen, refererer norsk presse mindre til kritikarar av klimapanelet no enn dei gjorde før panelet la fram sin fjerde rapport i februar 2007.

For svært mange fjerna denne rapporten all tvil om at klimaendringane er menneskeskapte. Rapporten sendte kritikarane ut i øydemarka for å bu saman med forfedre som kjempa mot tanken om at jorda er rund.

Ryghaug meiner hovudgrunnen til at nordmenn framleis er meir skeptiske enn andre, er at pressa, i alle fall fram til 2007, slapp til kritikarar i mykje større grad enn pressa i andre land.

I Montana bernehage kastar lysstoffrøra kvitt, klårt lys ned på ungane som et frukost. 19 månader gamle Camilia har fått neven rundt ein skikkeleg blings. To skiver med kvitost i mellom.

Ved sidan av sit mor Mary Vedeler Schjerpen med frisk haustmorgonluft i kjakane, og ein liten ein i magen. Camilia er roleg etter å ha blitt sykla opp bakkane frå Landåsvegen.

Mary har reint samvit. Syklar heile året, til barnehage og jobb. Varmepumpe har dei planar om òg, i rekkjehuset. Men ingenting av dette handlar om å redde klimaet.

— Eg tenkjer ikkje på klimakrisa. Det er ikkje difor eg syklar. Eg har alltid sykla. Det er ein måte å halde meg i form på. Og så er det veldig tidsbesparande.

Is på vegen er det einaste som kan få Schjerpen til å setje att sykkelen heime. Då hamnar Camilia i beremeis.

— Eg vil ikkje ho skal bli ein slik unge som sit inne kvar gong det regnar. Vi må like det vêret vi har her.

Mary har vekse opp på Starefossen, og bur no nedanfor Ulriken. Ho likar naturen, og å gå turar. Slikt stoff miljøengasjerte aktivistar gjerne er laga av. Men ikkje Schjerpen.

— Eg trur ikkje at klimaendringane er menneskeskapte. Det har alltid vore klimaendringar, så det er ikkje noko nytt at det skjer no. Det kan vere at vi har ein liten innverknad, men den trur eg er veldig liten.

Klokka er halv ni. Om ein times tid skal Mary Vedeler Schjerpen suse nedover mot byen, til jobben i klesbutikken på Galleriet.

På Sandsli renn framtida ut døra i det grå og raude betongkomplekset som husar Sandsli vidaregåande Skule. Elevar på veg til bussen, ein sykkel eller ein bil.

— Eg tek ofte bussen, men det tek halvannan time.

I dag går det under eit kvarter å kome seg heim til Smørås for Eirik Hanevik, fordi han sit på med BT. Passar det, sit han elles på med broren og ein kamerat.

Vel heime går vi inn på guterommet, der det heng eit utklipp av innlegget han hadde på BTs ungdomsdebattside, BTbatt, i oktober.

«At jordens gjennomsnittstemperatur øker betraktelig, er kritisk». Den første setninga set tonen for innlegget.

— Vi fekk ei skuleoppgåve, og eg spurte om eg kunne skrive om miljøet. Det er det jo ein del å skrive om. Eg veit litt om det frå før, for pappa ... Han vil ikkje kjøpe ny bil fordi det aukar CO2-utsleppet, noko eg og bror min ikkje likar så godt.

— Kvifor ikkje det?

— Vi vil jo helst ha ny bil.

— Det er nesten daglege diskusjonar. Nokon meiner det er menneskeskapt, men andre meiner det er jordas gang. Det er eg litt usamd i. Dei tiltaka vi kan gjere, skadar i alle fall ikkje miljøet. Vi kan då i alle fall gjere noko, tenkjer eg.

— Kvifor skal vi det?

— For det er jo ei global oppvarming.

— Ikkje alle er samde i det?

— Nei, men når FN organiserer ein konferanse som den i København, ville det vere veldig rart viss det ikkje er noka krise.

Dei flerste meiningsmålingar viser den same tendensen. Dei yngste er mest overtydde om at klimaendringane er menneskeskapte. 78 prosent av dei mellom 15 og 30 år svarar det i ei ny måling Sentio har gjort for BT.

I andre enden av skalaen finn du dei eldste. Av dei over 60 år trur berre 52 prosent at klimaendringane er menneskeskapte.

— Det trur eg har å gjere med at det er vår framtid. Men dei eldre må ikkje vere så egoistiske at det er ok fordi det ikkje vil ramme dei. På same måten som Trond Mohn seier om oljeformuen, gjeld det miljøet: Vi må tenkje på dei som kjem etter oss. For det ligg jo eit nesten skremmande stort ansvar på oss unge, seier Eirik Hanevik.

Eit interessant paradoks i meiningsmålingane er at sjølv om dei under 30 trur mest på klimapanelet, er det dei som er minst bekymra for kva klimaendringane gjer med kloden. For dei over 60 er det omvendt.

Hanevik vil heller ikkje bruke ordet «bekymra» om seg sjølv.

— Det er sjølvsagt urovekkjande å tenkje på kva som skjer om 50 år eller før, men det er ikkje slikt eg tenkjer på heile tida. Eg køyrer gjerne til skulen for å sleppe å ta bussen.

Automatikar Trine holsen, med sonen erik (7) på Mongstad. Foto: Jan M. Lillebø
Skuleelev Eirik Hhanevik, med kusina Mmarie Berge Trætteberg (5). Foto: Jan M. Lillebø
PÅ SYKKEL: Mary Vedeler Scherpen sykler alltid, men det er fordi det er tidsbesparande. Her med dottera Camilla (1 1/2 år). Foto: Jan M. Lillebø