— Det ville vere meiningslaust å kutte ut god krisehjelp på grunn av dårlege studier, seier Atle Dyregrov, som er leiar for Senter for krisepsykologi i Bergen.

Han er ikkje imponert over innhaldet i Simon Wesselys kritikk.

— Det blir meiningslaust når han baserer kritikken på undersøkelsar av låg kvalitet som han har utført heime i England. Klart vi skal luke ut dårleg fagleg arbeid, men vi ville aldri jobbe på den måten her!

Den typen krisehjelp som Wessely kritiserer, blir ikkje praktisert i Noreg, seier Dyregrov:

— Som at ofre eller pårørande berre får tilbod om ein times terapi utan oppfølging, eller ufrivilleg får krisehjelp tredd nedover hovudet. Blir folk fortalt om alle problema dei kan få, kan det bli verre etterpå. I England er dessutan debriefing i store massar blitt utført fleire gonger med uheldig resultat.

Men Dyregrov er samd i at mange klarar seg utan hjelp etter ein krisesituasjon.

— For nokre er hjelp til nytte, for andre ikkje Folk er så forskjellige, og ein skal aldri tvinge folk til å ta imot hjelp. Men ein viktig del av kriseintervensjonen er å gje omsorg og presis informasjon, understrekar han.

— Wessely hevdar at krisepsykologi er på veg ut, berre ikkje i Noreg?

— Det stemmer absolutt ikkje. Mange ønskjer å vite meir om fagfeltet; berre det siste året har eg vore invitert 4-5 gonger til England og Irland for å snakke om krisepsykologi, seier Dyregrov.