JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no

Dermed vil Stortingets samferdslekomité truleg leggja fram ei delt innstilling om Nasjonal Transportplan torsdag kveld. Eit fleirtal vil då fyrst framkoma under stortingsdebatten om Nasjonal Transportplan i neste veke.

Der vil Høgre markera seg med å foreslå 2,8 milliardar kroner meir til vegbygging i dei neste fire åra. Auken skal nyttast fyrst og fremst på den sentrale Austlandet, på Vestlandet og i Nordland.

Høgre vil vidare bruka 480 millioner kroner meir til kollektivtrafikken. Pengane skal fordelast som premie til dei selskapa som greier å auka sin marknadsdel og kapra fleire passasjerar.

Tett mellom H og Sentrum Men avstanden mellom Høgre og Sentrum er ikkje avskrekkande når det gjeld den totale ramma i Nasjonal Transportplan. Venstres May Brit Vihovde opplyser til BT at sentrumspartia, V, KrF og Sp, gjekk inn for å auka totalramma med 900 millionar kroner i året i tingingane med Arbeidarpartiet. Det ligg tett opptil det Høgre foreslår. Då skulle eit tru at Høgre og Sentrum skulle kunna nå fram til semje også om fordelinga av auken.

— Det kunne kanskje vera mogleg, men vi må hugsa på at Høgre og Sentrum tilsaman ikkje utgjer noko fleirtal. Og Frp sine merknader til Nasjonal Transportplan ligg så hinsides at vi ikkje kan rekna med dei, seier Rigmor Kofoed-Larsen, KrF, til BT.

Ringeriksbana får venta Venstres May Britt Vihovde seier til BT at dei vil bruka ekstra vegmidlar på Austlandet, Vestlandet og i Nordland, om lag slik som Høgre.

Når det gjeld ekstramidlane til kollektivtrafikken, meiner Venstre dei bør nyttast til investering, til dømes for å framskunda ny jernbanetunnel gjennom Ulriken og få ferdig naudsynt utviding av jernbanekapasiteten i Oslo-området.

Verken Høgre eller Venstre vil leggja seg i selen for snarleg byggjestart på Ringeriksbana.

- Urealistisk For Arbeidarpartiet sin del var det ikkje mogleg å gå inn for ein årleg auke på nesten milliarden i høve til regjeringa sitt forslag til Nasjonal Transportplan. Partiet var med opptil rundt 500 millionar, men då var det stopp.

— Vi meiner at sentrumspartia sitt forslag til auke av ramme er urealistisk. Dei har ikkje lært. Før valet i 1997 gjekk dei og inn for ein stor auke av rammene til samferdsel i høve til forslaget for Jagland-regjeringa. Då dei same partia kom i regjering sjølve, greidde dei ikkje å fylgja opp lovnadene sine, seier Ap sin talsmann i samferdslesaker, Ola Røtvei.

- Dette skal vi halda Rigmor Kofoed-Larsen avviser bestemt at Sentrum sitt forslag er urealistisk.

— I 1997 var det heilt andre og større tal ute og gjekk. Denne gongen har vi lagt vekt på å halda oss innanfor ei ramme som vi er sikre på at vi kan halda. Så dersom Sentrum dannar regjering i haust att, kan eg lova at vi skal stå ved det vi no foreslår i Nasjonal Transportplan, seier Rigmor Kofoed-Larsen.