• Det er berre ni månader. Eg kunne like godt la vere, seier Elin Trovik. Ho rørte ikkje alkohol, då ho gjekk gravid.

Ikkje eingong då bestevenninna Line gifta seg, skålte Elin Trovik i vin. Men heilt greitt var det ikkje akkurat dén kvelden.

— Ho inviterer meg i bryllaupet sitt, og så kan eg ikkje ein gong drikke eit halvt glas! Eg meinte at ho burde utsetje heile greia, ler Elin Trovik.

For fire månader sidan vart ho tobarnsmor. Då kom vesle Lilli til verda. Mamma var totalavhaldskvinne både like før og under graviditeten. Men ikkje fordi fastlege eller jordmor kom med formaningar. På svangerskapskontrollane var alkohol aldri tema.

— Grunnen var rett og slett at eg hadde jobba med ein lege som sa at til og med svært små mengder alkohol kan vere skadeleg, seier Trovik til BT.

— Men det var ikkje noko offer. Eg tenkte «det er berre ni månader, eg kan drikke alt eg vil både før og etterpå».

Venninna, som også er tobarnsmor, var ikkje fullt så forsiktig.

— Eg tok eit halvt glas vin i middagsselskap nokre få gonger i løpet av svangerskapet. Måtehald og sunn fornuft trur eg på, uavhengig av allslags forskingsrapportar, seier Line Blaauw til BT.

Det same seier Siren P Jæger, som er mor til Inez Birgitte på fem månader.

— Eg hadde grådig lyst på gin tonic i heile svangerskapet! Men bortsett frå nokre slurkar vin på eit ball, rørte eg ikkje alkohol, seier ho til BT.

— Eg hadde fått med meg at det ikkje er så gunstig, og ville ikkje drikke for barnet si skuld. Vi delte jo same blodbane. Men det kjem nye forskingsrapportar som motbevisar kvarandre heile tida. Du må sjølv finne ut av kva som er rett for deg, og ikkje bli altfor kategorisk.