VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.no Oslo"Trugsmålet" kom fram gjennom eit brev frå IT Fornebu, stila til Stortinget, og overlevert med bod fredag ettermiddag.— Eg oppfattar brevet frå IT Fornebu som eit reint trugsmål. Og eg snudde arket for å sjå om det hang ved ein bankgiroblankett, seier Venstre-leiar Lars Sponheim. Det var han som fremja forslaget i Stortinget fredag, som utløyste dramatikken. Også Høgres næringspolitiske talsmann, Ansgar Gabrielsen, oppfattar brevet frå IT Fornebu som eit reint trugsmål. Avviser Brevet er underteikna av Per Kristian Jacobsen. Han er administrerande direktør i IT Fornebu.Jacobsen hevdar overfor Bergens Tidende at brevet berre er meint som "opplysning til Stortinget om pliktene staten har". Han viser til at SIVA, på vegner av staten, har teikna seg for ein aksjekapital som forfell til betaling 25. juni. Han meiner Stortinget hadde behov for dette. Han avviser at det er snakk om trugsmål. Dramatisk Striden om IT Fornebu-prosjektet vart ei dramatisk avslutning på stortingssesjonen.Fredag kveld forkasta alliansen av Ap og Frp på Stortinget, med 58 mot 56 røyster, eit framlegg som Lars Sponheim fremja på vegner av KrF, Høgre, Sp, SV, Venstre, Vidar Kleppe og Steinar Bastesen.Hadde Frp-avhopparane Fridthjof Frank Gundersen og Dag Danielsen vore til stades, ville røystetala vorte 58-58. I så fall ville stortingspresident Kirsti Kolle Grøndal (A) ha måtta nytte dobbeltrøysta si for å "berge" regjeringa frå nederlag. Men Gundersen og Danielsen - frie som dei er - var på veg til Paris i bil, der dei i går var med på parlamentarikarmøte i Vestunionen. "La løkke om eigen hals" Opposisjonen kjem nå til å fylgje IT Fornebu-prosjektet med argusauge.Sponheim seier at finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen "la løkka om eigen hals". Han siktar til forsikringar frå finansministeren om at vilkåra Stortinget har stilt for statleg medverknad, er innfridd.- Men dersom det er rett at vilkåra er på plass, har eg vondt for å forstå kvifor Ap ikkje kunne røyste for framlegget mitt, seier Sponheim.- Framlegget slo berre fast at Stortinget sine føresetnadar måtte vere på plass, legg han til. "Oppsiktsvekkande" - Det ville vere ganske oppsiktsvekkande om departementet og SIVA hadde godkjend ein avtale om innbetaling av aksjekapital utan at Stortinget sine føresetnadar var på plass, seier Høgres parlamentariske nestleiar, Per Kristian Foss, til Bergens Tidende. Det kviler nå eit særleg ansvar på næringsminister Grete Knudsen, departementet hennar og SIVA for å fylgje opp, legg han til.Gabrielsen varslar at Høgre vil vente og sjå kva som skjer etter 25. juni med omsyn til innbetaling av kapital. "Luktar Opseth lang veg" Han meiner det er all grunn til å tvile på om føresetnadane Stortinget har stilt, for å delta i prosjektet, er til stades. Det kjem ikkje minst til uttrykk i rapporten frå SIVA, som er regjeringa sitt eige organ.- Og i alle fall er det stor avstand mellom realitetane i dag og dei luftige, nasjonalromantiske formuleringane som fleirtalet, Ap og Frp, skreiv i komiteinnstillinga i fjor. Avstanden er minst eit lysår eller to, seier Gabrielsen.Både Sponheim, Gabrielsen og Foss, meiner det "luktar Kjell Opseth lang veg" av brevet frå IT Fornebu.