Alle omstenda rundt tragedien ved Havyard Leirvik var ikkje klarlagt i går. Men mykje tyder på at dei to verftsarbeidarane på 43 og 30 år som no ligg på Haukeland universitetssjukehus pådrog seg dei kritiske skadane i forsøket på å redde sin 35 år gamle arbeidskamerat ut av ein oksygentom ståltank.

Dei to fekk aldri ut kompisen, og livet hans stod ikkje til å redde. Ingen veit kor lenge dei tre arbeidarane låg nede i tanken før alarmen gjekk.

Kritisk tilstand

Politiet og Arbeidstilsynet arbeidde i går med å finne årsaka til den fatale ulukka, som vart meldt klokka 08.45. Kommunelege Henrik Høberg var den første utanfrå som kom til staden, og kan fortelje om eit vanskeleg redningsarbeid.

— Tanken var ventilert da vi kom, og mannskap frå industrivernet var i arbeid nede i tanken. Det var svært vanskeleg å få dei tre forulykka ut av tanken, fortalde kommunelegen på gårsdagens pressekonferanse ved verftet.

Han fortel at dei etter kort tid fekk i gang pust og puls på to av arbeidarane, medan det ikkje lukkast med den tredje som hadde vore lengst der nede. Etter ein time med intense opplivingsforsøk måtte mannskapa gje opp.

Dei to skadde vart frakta til Haukeland universitetssjukehus med luftambulanse.

— Der får dei spesialbehandling, blant anna med nedkjøling for å førebyggje varige skader, fortel Høberg.

Sjukehuset opplyser i ein pressemelding i dag at tilstanden fortsatt er kritisk, men stabil for dei to mennene på 30 og 43 år som no får intensiv behandling.

- Stort og seriøst firma

Dei tre polske arbeidarane jobba på eit supplyskip som er inne i tørrdokka ved Havyard Leirvik for å bli forlenga.

Overfor Bergens Tidende opplyser verftsdirektør Tor Leif Mongstad at ståltanken der ulykka skjedde stod i sona der båten er blitt delt, og at tanken også har fått sveisa inn ei forlenging. Tanken har fleire luker på toppen, og det skal ha stått arbeidsstillas inne i tanken.

Dei tre arbeide for det polske selskapet Genfer Lloyd, som har hatt over 50 mannskap i arbeid ved Havyard Leirvik. No er talet rundt 30 arbeidarar frå selskapet.

— Vi har mannskapa frå Genfer Lloyd på fastprisavtale her. Vi kjenner dei som eit stort og seriøst firma, som også har folk i arbeid ved minst tre andre norske verft, seier personaldirektør Bente Nesse ved verftet.

Supplybåten der ulykka skjedde ligg i tørrdokk, og skal etter planen vere ferdig oppgradert og levert 23. mars. Oppdragsgjevar er bergenske Geo Shipping.

Sjokk og sorg

I går var det sjokk og sorg som prega verftet i den vesle kommunen i Ytre Sogn. Verftet har mykje arbeid, og har for tida leigearbeidarar frå ti ulike nasjonar og enda fleire firma. Meir enn 60 av dei utalandske kjem frå Polen.

Etter orienteringsmøtet samla dei seg i stille prat utanfor kantina ved verftet. Leiaren for gruppa frå Genfer Llloyd måtte ta fleire telefonar frå pårørande i Polen.

— Dette er den største tragedien som har råka verftet vårt, seier verftsdirektør Tor Leif Mongstad.

Verftet kontakta i går ein katolsk prest som vil kome dersom dei tilsette i Genfer Lloyd ønskjer det.

— Vi gjer det vi kan for at støtteapparatet skal ta seg av dei som treng det, anten dei er våre eigne tilsette eller innleigde arbeidarar, seier Tor Leif Mongstad.

Pårørande til Bergen

Familiane til dei to hardt skadde polske arbeidarane kom i går kveld til Bergen for å vere med sine kjære som er under intensivbehandling ved Haukeland universitetssjukehus. På Flesland blei dei to familiane møtt av representantar frå arbeidsgivaren, Genfer Lloyd.

Verftsdirektør Tor Leif Mongstad seier dei pårørande til den omkomne 35-åringen etter eige ønskje valde å bli igjen i Polen. Eit støtteapparat bli stilt til rådvelde for familien i heimlandet, opplyser Mongstad.

ÅSTADEN: Politiet sperra all tilgang til supplybåten der ulykka skjedde, gjorde saman med Arbeidstilsynet ei rekke undersøkingar og avhøyr i går. FOTO: ODDLEIV APNESETH
PÅ VEG MED FLAGGET: Medan nedslåtte verftskollegar forlet informasjonsmøtet etter ulykka i går, er to andre på veg med flagget for å heise det på halv stang. Havyard Leirvik har rundt 200 tilsette, og i tillegg mykje innleigd arbeidskraft frå ti ulike nasjonar. FOTO: ODDLEIV APNESETH