Folgefonna er fruktsuppe frå pose og snurring på boks, grønt vatn, knallblå is, svimlande utsyn, skodde tjukk som ertersuppe og pulverkaffi.

For vel hundre år sidan låg den mektige breen der og drog til seg engelske og tyske turistar i hopetal. Alt rundt 1850 tok det til. I det gamle pensjonatet i Sundal heng eit digert foto av hestar på veg gjennom ein portal av greiner.

"Reitweg Sundal Garshammersæter von dem Deutschen Nordlandsverein in Hamburg erbaut im Jahre 1890" står det på biletet. Keisarstien vart den tyskbygde ridevegen kalla, etter breentusiasten keisar Willhelm. Turistane kom til Sundal i jåttar og turistskip. Dei vart frakta til Fonna på hesteryggen, dregne over breen på slede, før dei reid ned til Odda der båtane tok dei om bord att.

Det skulle vera råd å kryssa Folgefonnhalvøya utan å setja føtene på bakken.

Murar frå 1890

Vi ville følgja i keisarens spor, parkerte på parkeringsplassen i Sundal og la i veg til fots. Då vi kryssa elva frå Bondhusvatnet, sprang ein fin raudrev over bakkane framfor oss, og vi tenkte at dette kom til å bli ein fin tur.

Keisarstien svingar seg opp gjennom lia, med mange spor etter murarbeidet frå 1890. Det er tropisk grønt, med glimt av eit endå grønare Bondhusvatn, blå is i Bondhusbreen, og blank fjord. Det er lummert varmt under lauvverket og djevelsk bratt. Klart keisaren ville ri.

Fem timar til Fonnabu

Over tusen bratte meter oppe er det naken grå stein. Her låg det breis under den vesle istida på slutten av 1800-talet. Her kunne keisaren stiga over i sleden. Fotograf Helge Skodvin ligg og vrir seg i smerte med krampe i begge lår. Då han atter får talens bruk, meiner han vi på det sterkaste bør rå folk frå å leggja ut på denne turen.

Vi går forbi Breidablikk og kjem til Fonnabu, som ligg heilt inne ved breen. Fem timars bratt gange gjennom eit av Vestlandets vakraste landskap.

Så er det tid for maten som berre er å få på turlagets sjølvbeteningshytter: snurring frå boks og fruktsuppe frå pose. Lukta av fersk sveitte, vedfyrt turlagshytte, nyvarma snurring og søt suppe. Vi er keisarar.

Som på nysalta fortau

Folgefonni breførarlag har dei to siste somrane gjort det mogleg å følgja i fordums storkarar sine spor over isen óg. Det er breførar fast stasjonert på Fonnabu heile sommaren. For 250 kroner kan fjellturistar gå trygt over isen. Føring frå Fonnabu kvar dag klokka 10, og tilbake frå Holmaskjershytta på Odda-sida klokka 14.

Vi er ti som står klare denne morgonen. Breførar Bjørn Kvisvik seier vi skal få isbroddar. Dette med isbroddar minnar mest om gamle kjerringar på nysalta fortau. Vi ville nok heller hatt stegjarn, men ingen vågar å protestera høgt. Broddane viser seg likevel å vera ganske tøffe, og Kvisvik knyt oss inn i eit tau med ein enkel fiskeknute. Så legg vi i veg ssom ein barnehage i snor etter onkel ut i det ukjende. Breibeinte som cowboyar.

Taus lenkegjeng

Det er fantastisk blå is, blank is i kuler, glatt is, lyden av vatn som surklar og renn og styrtar seg ned i blå holer mot isens kalde indre, djupe sprekker. Breførar Kvisvik, trygg med isøksa, stikk i snøen og går rundt om det er tvil. Den nyutdanna naturgeografen veit det som er verdt å vita om brear, og fortel gjerne.

Lyden av 11 par ispiggar muntert mot isflata og svimlande syner av fjell og dalar. Vi kjenner oss som lordar før skodda kastar seg over oss med vind og regn. Grått og vått. Grå skodde, grå snø frå i fjor, grått slaps, kalde fingrar og lyden av vatn som surklar i skorne. Borte er den muntre barnehageavdelinga på utflukt. No er vi blitt ein taus lenkegjeng i Sibir.

Eg tek eit steg om gongen medan eg planlegg ein artikkel der eg på det sterkaste skal rå folk frå å ferdast på bre.

Varme fingrar

Breførar Kvisvik og eit lite GPS-apparat fører oss trygt i hamn på Holmaskjer. Mellom tre og fire timar over isen. Eit par fusingar og eit par bømlingar i følgjet vår har det travelt og går strake vegen mot Odda. Eit par frå Bergen skal overnatta på Holmaskjerhytta. BTs folk i fjellet og Øivind Semb Mathisen og Eli J. Walente frå Sarpsborg fyrer i omnen og varmar fingrane. Når fingrane er varme, er alt bra att. Slik er det i fjellet.

Denne dagen går Bjørn Kvisvik åleine attende over fonna, ingen er komne opp frå Odda for å bli med.

Då vi skal vidare, går vi litt feil og får freista tilværet på glattisen. Brelivet utan førar og broddar er avgjort ikkje tilrådeleg.

Stupande bratt ned

Turen ned mot Odda er imponerande vakker, heilt på høgde med Keisarstien, men stupbratt. Synet av miniatyrOdda frå tusen meter, Sinken, Tyssedal og all denne naturen.

Her er det lagt ned eit stort arbeid med å setja turvegen i stand, og bra er det når ein skal over 1500 stupbratte meter ned. Det knirkar i kne og skranglar i ryggar. Og varmt er det så sveitten driv. Fem grader og regn over fonna virkar som eit fjernt eventyr. Men ned kjem vi på rundt tre timar. Fotograf Skodvin går ned på kne og kysser asfalten, men i drosjen tilbake til Sundal, snarvegen i tunnellen under breen, vedgår også han at det har vore ein fin tur.

Den som vil følgja i keisarens spor får rett og slett ein luksuspakke vestnorsk natur. Instant fjord, fjell, fonn og vêr av alle slag.