TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no Vevring i Naustdal

Ni kyr, med skotsk blod i årene, kom til denne garden i Vevring 31. oktober i fjor. Dermed er dei nokre av dei siste klauvdyra som er importerte til landet. Feet vart kjøpt frå ein økologisk gard på ei øy sør om Strømstad i Sverige.

Både i forkant og ettertid har dyra vore testa ei rekkje gonger for alle moglege sjukdomar. Så langt har alle testar vist at dyra er friske som fiskar, sannsynlegvis er det ein av dei friskaste buskapane i landet. Likevel kan bølingen komme til å verte ståande ei god stund i karantene. Grunnen er dyresjukdomane som herjar Europa.

Seks månader Normalt er karenstida seks månader for klauvdyr som vert ført inn i landet. Karanteneperioden for dei ni pelskledde kyrne skulle dermed vere over 31. april. Men det er opp til distriktsveterinæren å bestemme kor tid dei skal "sleppast fri". Og distriktsveterinær Gisle Tomasgard i Førde veterinærdistrikt antydar at det nok kan gå ei god stund. Han vil vere meir enn 100 prosent sikker.

— Vi vil nok vurdere sjukdomsbildet i Europa nøye før vi slepper dyra ut av karantenen, seier Tomasgard til Bergens Tidende.

Klesskifte Dei ni kyrne, åtte av dei er forresten drektige og skal kalve i mai, boltrar seg på eit ti mål stor område. Området er gjerda inn med høgt gjerde omkring. Innhegninga er laga så høg for at ikkje hjorten skal kunne hoppe over, og ta seg inn til dyra med utanlandsk opphav. All kontakt med andre dyr er forbode i karenstida.

Og gjerdet er ikkje einaste restriksjonen. Når gardbrukarparet Laila Claussen og Alexis Thingnes skal mate det raggete høglandsfeet med dei digre horna, må dei skifte både sko og klede. Til det har dei laga ei eiga bu for klesskifte, nærast ei sluse som dei går gjennom før dei tek seg inn i innhegninga.

— Vi veit at fleire har kontakta dei lokale veterinærane og gitt uttrykk for uro etter at vi fekk desse dyra til gards. Men vi har godt samvit, og fryktar ikkje for sjukdomar, seier kårkall på Thingnes-garden, Agnar Thingnes.Laila Claussen legg til at kyrne har vore med i ei omfattande helseprogram i Sverige.

— Det er mange ulike typar import. Vi kjøpte desse dyra frå eit isolert gardsbruk på ei øy. Garden har vore økologisk driven, og ingen av desse dyra eller deira "forfedre" har fått kraftftr.

Ute heile året Gardbrukarparet på Thingnes har begge arbeid utanom garden, og ville difor satse på kjøpt- og livdyrproduksjon frå ein storferase som kan gå ute heile året. På sikt er det meininga å ha 10-15 dyr på garden.

Saman med ein bonde i Valdres kjøpte dei i fjor dei ni dyra. Alle står i karantene i Vevring, men Valdres-gardbrukaren skal ha fem av dyra. Meininga var at dyra skulle sendast tidleg i mai, rett etter at karensperioden er over. No kan ventetida vise seg å verte lenger for bonden i Valdres.

Les også: Noregs best kontrollerte ku- Har god nok norsk mat Kontrollen på Flesland og Skolten trappes kraftig oppIkke prisøkning på kjøtt Hanssen: Importforbud en vanskelig avgjørelse Tollkø langt inn i Sverige- Munn og klovsyke kan være i Norge Sverige reagerer på norsk importforbud Jublende bønder avslutter aksjonene Bondevik: - På tide med totalforbud - Kjøttdiskene tømmes ikkeEU: Importforbud er urimeligVurderer totalforbud mot EU-kjøtt Bønder stenger svenskegrensen - Munn- og klovsyke en global trussel - Har kontrollkapasitet ved grensene foreløpig Krisemøte etter fransk utbrudd av munn- og klovsyke Ny sykdomspanikk i Europa Fakta/ munn- og klovsyke

  • Munn- og klovsyke (MKS) er en ekstremt smittsom virussykdom som rammer klovdyr. Både husdyr som storfe, småfe og svin og ville dyr som rådyr og hjort kan blir angrepet.
  • Sykdommen gir feber, depresjon, bevegelsesbesvær, kraftig sikling og dannelse av væskefylte blærer i munnhule, nesehule, på mulen, i huden og på jur og spener.
  • Munn- og klovsyke er ikke farlig for mennesker, men mennesker kan fungere som smittebærer ved at viruset kan overleve i neseslimhinnen i mer enn 48 timer.
  • Det har de siste ukene vært registrert 163 tilfeller av sykdommen i Storbritannia, mens tirsdagens tilfelle i Frankrike er det første som er registrert på kontinentet i denne omgang.
  • Storbritannia hadde i 1967-68 historiens største utbrudd av sykdommen. Det ble slaktet 434.000 klovdyr, og epidemien kostet landet 3 milliarder kroner. Norge har ikke hatt sykdommen siden 1952, mens Danmark var rammet i 1983 og 1985.

NTB

TØFF I TRYNET: Ho har skotsk blod i årene, denne kua her. Sidan 31. oktober har denne kua, og fleire andre, vore i karantene. (FOTO: ODDLEIV APNESETH)