Vi må seie klart frå om kva vi meiner om fotballspelarar som har bra bilar og er fine på håret. Vi må tilbake til den tida då landslagsspelarane blødde for drakta, den tida då det var viktigare å sparke ballen enn å sjå bra ut medan du gjorde det, den tida fotballspelarar hadde skikkelige krefter og sparka ballen langt, og etterpå sprang dei for å hente ballen sjølv, dei var ikkje for fine til det den gongen, dei hadde ikkje ballgutar som arbeidde for seg den gongen, dei gjorde alt sjølv, selde billettar, henta ballar, spelte og blødde.

DET VAR EI ANNA TID . Eggens og Minis tid. Det er denne tida, denne ånda, vi må tilbake til, denne tida då landlagsspelarane var meir opptatte av fotball enn av hårgelé. Det var ikkje mykje hårgelé i Eggens tid, det skal vere sikkert, dei fleste hadde ikkje hår i det heile tatt, faktisk, dei hadde ikkje råd til det, for fotballspelarane hadde ikkje pengar den gongen, dei var meir enn fornøgde med å få lov til å blø for drakta, mange betalte faktisk for å få spele, og det hadde dei sjølvsagt ikkje råd til, sidan dei ikkje fekk betaling, så familiane deira måtte betale, og familien hadde sjølvsagt heller ikkje pengar, for fotballspelarar hadde ikkje popstjernekoner den gongen, å nei, i Eggens og Minis tid hadde fotballspelarane tause og solide koner i trasige sko og tolv-tretten ungar som ikkje såg ut i måneskin, og ungane gjekk for lut og kaldt vatn, om dei då i det heile tatt hadde råd til lut etter at far hadde betalt for å få få lov til å blø for drakta, men dei var ikkje så opptatt av ting og lut og pengar den gongen.

NO HANDLAR alt om å skaffe seg mest mulig, snarast mulig, meg! meg! meir!meir!, om å vise seg fram, om status og motar og smykke og sminke og datamaskiner og det som verre er, den gongen var ungane fornøgde med kaldt vatn, og det gjorde ikkje noko om dei ikkje hadde skikkelige hus, for dei likte best å leike ute, sunn, herdande leik som gjorde dei i stand til å sjølve ein dag blø for drakta, og det som dreiv ungane den gongen, i tillegg til det kalde vatnet og draumen om å blø for drakta, det var tanken på at det kanskje ein dag skulle lande ein fotball i gata deira, om ein kan kalle den opne kloakken dei budde i for ei gate, og ein av stjernespelarane skulle komme springande for å hente ballen, for det gjorde som sagt stjernespelarane den gongen, for dei var ikkje redde for å bli litt skitne den gongen, i Eggens tid, og når han først var der, stjernespelaren med blod på drakta, så tok han seg heilt sikkert tid til å snakke med alle ungane og spandere brus på dei, sjølv om han ikkje hadde pengar og sjølv om det ikkje fanst brus den gongen, men det var ikkje viktig, for fotballspelarane var opptatte av lokalmiljøet den gongen.

DEI GLØYMDE ikkje kvar dei kom frå, mykje fordi dei stadig budde der dei kom frå, for fotballspelarane dreiv ikkje og flytta den gongen, i Eggens tid, for det hadde dei ikkje tid til og slett ikkje råd til og kvifor skulle dei flytte? kven har sagt at graset er grønare på den andre sida, ein skal vere fornøgd med det ein har, tenkte ein den gongen, i Minis tid, den gongen stilte folk opp for kvarandre, dugnadsånda var levande og samhaldet sterkt mellom alle dei fattige familiane som berre hadde kvarandre, og kvarandre var ikkje rare greiene det heller, når sant skal seiast, for alle som dreiv med fotball og alle familiane deira var nesten heilt ufattelig normale den gongen, det var ikkje mykje SMS-sjekking av TV-kjendisar i Eggens og Minis tid, det var faktisk ingen som visste kven som var TV-kjendisar på den tida, for det var ingen fotballspelarar som hadde TV.

DET VAR EIN som hadde kassettradio, men han blei frosen ut, dessutan blei han aldri så god som han kunne blitt, og det er slik det alltid går med dei som ikkje bruker all si tid og alle sine krefter til å blø for drakta, dei som fyller tida si med anna enn fotball, dei som er meir opptatte av mat, klede, familie og moro. Det var ikkje mykje moro den gongen. Det skal vere sikkert.