Det er den nyss avvikla Stord Teleområ-des Velferdsklubb som gir vekk 2,3 mil-lionar kroner av vinsten på salet av klub-bens to hytter i Fitjar og Kvinnherad.

– Med Televerket nedlagt og ingen Te-lenor-tilsette lenger i området følte vi at det ikkje var rett å sitja med hyttene. Derfor gir vi heller bort salsvinsten til nokon som har meir bruk for pengane enn oss, seier initiativtakar Geir Tore Søreide.

Utviklingshemma

Norsk forbund for utviklingshemma i Sunnhordland får den største summen, 400.000 kroner.

Under utdelinga av gåvene i går blei resten fordelt mellom Røde Kors, Luft-ambulansen, Leger uten grenser, Fyrløk-to varmestove på Leirvik, Frelsesarmeen, veteranskipet «Stord 1», barneheimane Lusur i India og Toro i Uganda, kreft-forskinga ved Haukeland sykehus, og psykiatrisk avdeling ved Stord sjukehus.

Sosialt samvær

– Vi har dessutan sett av ein mindre sum til sosialt samvær blant vel-ferdsklubbens tidlegare medlemmer, sei-er Søreide.

I sine velmaktsdagar for 20 år sidan hadde klubben nær 200 medlemmer. Hyttene i Blådalen i Kvinnherad og på øya Kråko i Fitjar blei realiserte gjennom dugnad. I godt vedlikehalden stand blei dei i fjor selde til private på den opne marknaden.