OGNE ØYEHAUGTRUDE HAUG (faktafinnar)KNUT STRAND (foto)

— Her er tomter her som har vore selde for 400.000. Rasmus Fitjar ser vestover. Der, rett over Hellandsfjorden ligg hytteparadiset. No skal dørene settast på vidt gap. Fitjar og dei andre grunneigarane har ikkje vore så ivrige etter å bygge ut på Kråko før, sjølv om halvøya sør for Fitjar sentrum har vore regulert til hytter i over 20 år.

Området var for dårleg utnytta, tykte Fitjar. Grunneigarane hyrte inn eit nytt planleggingsselskap. Fitjar ville ikkje ha noko bygging før han var nøgd med utnyttingsgraden. No ser det bra ut, tykkjer han.

22. september skal kommunestyret ta stilling til planane. Alt tyder på at det blir ja.

Sel på skjeret

To sel sløvar på skjeret i sundet vest for Kråko. Den komande hyttebyen er år unna. Inne på halvøya er berre tre-fire hytter å sjå.

Det er stille. Sommaren har så vidt byrja å sleppe taket. Sønnavinden riv ute i fjorden, men her på skjeret er det ly. Først når ein einsleg kajakk rundar inn i sundet veltar selane ut i vatnet, dukkar og forsvinn.

Når utbygginga er ferdig vil det bli to småbåthamner ein halvkilometer unna. Rundt førti hytter vil ha direkte utsikt til skjeret. Det blir eit nytt liv for selen.

Heile Kråko vil romme mellom 400 og 500 hytter og hyttenaust når utbygginga er ferdig. Pluss vanlege naust, småbåthamner, kiosk, butikkar og parkeringsplassar.

Den største hyttebyen på Vestlandet. Ein av dei største i Noreg. I Hordaland er det berre Voss Fjelllandsby i Myrkdalen som kan måle seg, med litt over 350 hytter når alt står ferdig.

48 helgar på hytta

Gunvor og Ove Ottesen har loggført 48 helgar på hytta. Det er årsrekorden. Når helgane kjem, er opplegget klart. Slik har det vore sidan hytta stod ferdig i 1987. — Fredagane frå klokka fire. Dei har vore freda, seier Ottesen.

Han møtte opp i velforeininga, opna munnen, vart formann og fekk heile utbygginga i fanget. Det er Ottesen som har fronta dei etablerte hytteeigarane sin motstand mot dei nye utbyggingsplanane

No har vellet bestemt seg for å gå til advokat for å få vurdere sakshandsaminga og mangelen på konsekvensutgreiing av utbygginga.

Det er ikkje at det blir bygd nye hytter dei etablerte protesterer mot, men den voldsomme fortettinga i høve til planane som var gjeldande før,

— Dei har jo privatisert alt som heiter strandsone, seier Ottesen.

Han fryktar at heile Kråko blir ein stor byggeplass i årevis framover.

Rekordutbygging

— Det er ein ny måte å bu i fritidsbustader på for vestlendingar. Vi er ikkje vane med å bu i regulerte hyttefelt, seier statsautorisert eigedomsmeklar Pål Huun Monsen i Eiendomsmegler 1 i Bergen.

Det er ein av grunnane til at han ikkje spår ein pangstart for Kråko-prosjektet. Men ein treg start blir berre ein overgang, sjølv om han meiner det kan ta tre til åtte år før heile Kråko er fullt utbygd.

— Eg trur på sikt at marknaden vil ta godt i mot det. Mogleg det i byrjinga vil vere litt tregt, seier han.

Huun Monsen er sikkert på at etterspørselen etter hytter med tilgang til sjøen vil overstige tilbodet. Slike blir eit knapt gode. Så får det heller vere kort veg til naboen.

— Dei som kjøper no, dei trur eg kan gjere ei svært god investering, seier Huun Monsen.

Oppdrag til snikkaren

Held veksten i hyttebygginga fram i same takt den har gjort dei siste åra kan vi passere 5000 nye hytter i året allereie i år, ei dobling sidan 1995. Hyttebygging er stor butikk. Rundt fire milliardar kroner årleg blir brukt til nye hytter med dagens utbyggingstakt.

Og medan bustadbygging fall med ni prosent i fjor, steig hyttebygginga med over åtte prosent, i fylgje Byggenæringens Landsforening. Ikkje berre er hyttene fleire, dei er også 25 prosent større enn for ti år sidan. 75 kvadratmeter er den norske gjennomsnittshytta i dag.

Den primitive hytta med propan, vedfyring og utedo er nesten ein saga blott. Hyttene er blitt fritidsHUS.

— Det er ikkje så mykje billegare å bygge ei hytte enn eit hus, seier seniorkonsulent Kjell Senneset i Byggenæringens Landsforening.

Fleire, større og meir avanserte hytter gjer at mange lever av hytteboomen. 4000 bygningsarbeidarar er sysselsette på full tid med å bygge alle hyttene. Og pengane blir spreidd godt ut over landet.

— Snikkaren er som regel lokal, seier Senneset.

Betre for bonden

Kråko er gamalt beiteland. Men av grunneigarane er det berre to som framleis er nesten-heiltidsbønder. Rasmus Fitjar er blitt lakseoppdrettar.

Men halvøya kunne vel framleis vere beiteland?

— Ja, men...

Fitjar tenkjer seg om.

Framtida ser ikkje lys ut for jordbruket.

— Alle kjenner til det, seier han.

Fitjar er overtydd om at tøffare vilkår for bøndene er med på å få fart på hyttebygginga over heile landet. Tanken på hyttebygging har modna, også hos grunneigarane på Kråko sidan halvøya vart regulert til hytter for 20 år sidan.

Stopp kommunane

— Det høyrest ut som eit veldig brutalt naturinngrep.

På Framtiden i våre henders sitt kontor i Oslo sit dagleg leiar Arild Hermstad.

Den utflytta hordalendingen vil nekte kommunane å gjere slik Fitjar kommune gjer på Kråko, å tillate omfattande bygging i strandsona.

— Det bør vere mykje mindre rom for kommunane til å konkurrere om å vere dårlegast på naturforvaltning, seier Hermstad.

Han fryktar Vestlandet berre har fått ein forsmak på det som vil kome, om kommunepolitikarane framleis skal få forvalte strandsonen.

— Vi byrjar å oppleve på Vestlandet det same som på Austlandet og Sørlandet, at folk flest får mindre tilgang til strandsona, seier Hermstad.

Han har ikkje tru på at lokalpolitikaren kan eller vil demme opp for presset mot strandsona.

— Stor sett er dei fleste parti positive til å legge ut hytteområde i strid med 100-metersregelen i strandlova, seier Hermstad.

Ofrar Kråko

Rasmus Fitjar er samd i at det blir ei omfattande bygging i strandsona på Kråko:

— Ja, det er det, men no sel vi dette området, så tek vi vare på andre område.

Fitjar snakkar om øyane vest for Fitjar, eit mylder av ein skjergard.

Det er politisk nødvendig å ofre noko for å lette presset på skjergarden.

Ottesen tviler på at Kråko-utbygginga gir full stopp lenger ute i skjergarden:

— Det er jo litt optimistisk då. Eg tenkjer førespurnadene kjem, eg.

Den nye reguleringsplanen vil gi Ottesen - med hytte heilt sør på Kråko - veg over heile halvøya og parkeringsplass like utanfor tomta.

Men han trur ikkje utbygging skal gå så fort at parkeringsplassen kjem i hans levetid.

— Eg ser ikkje realismen i at dette blir noko stor sak dei næraste 20 åra.

Rasmus Fitjar har andre planar. Skal alle grunneigarane nyte godt av utbygginga frå starten må Kråko opnast opp.

— Vi lyt ta mesteparten av vegen så snart som mogleg, seier Fitjar.

TRANGARE STRANDLINJE: Mellom desse to hytteeigedomane (sjå flaggstengene) er planlagt tre hyttenaust, eit lite kaianlegg og plass til vanlege naust i tillegg.

TRANGARE PLASS: Nesten kvar helg pendlar Ove Ottesen og kona Gunvor fra nabokommunen Stord til hytta på Kråko i Fitjar. No får dei mange fleire naboar enn dei hadde tenkt seg då dei kjøpte hyttetomt og bygde her på 80-talet. Dei etablerte hytteeigarane protesterer mot planane om å gjere Kråko til ein av Noregs største hyttebyar.

TRANGARE KÅR: Grunneigar Rasmus Fitjar er overtydd om at trangare kår for jordbruket har modna tanken om å bygge hytter på gamalt beitelånd på Kråko.