— Det er naturleg at vi ser på saka, slik saka nå står, seier leiaren i EOS-utvalet, ambassadør Leif Mevik, til Bergens Tidende. Han legg til at det er opp til utvalet i møte å avgjere om ein skal ta opp saka i full breidde.

Det mest påtrengande spørsmålet i saka er i kva grad norske offisielle organ eller styresmakter har vore involvert i eller hatt kjennskap til vervinga av irakaren til krigen i Irak. Etter krigen returnerte han til Noreg med krigsskadar.

Ifølgje ordføraren i Risør, Lars Lauvhjell, var overvakingspolitiet, PST, fullt orientert om at irakaren vart verva av amerikansk etterretning til krigen i Irak.

Verving av personar i Noreg til framand krigsinnsats er straffbart etter norsk lov. Difor er det av stor interesse å få klarlagd om norske styresmakter har hatt noka rolle i saka.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har også teke opp saka i direkte spørsmål til statsråd Odd Einar Dørum.

Komiteen har stilt spørsmål til statsråden i to omgangar. Fredag nekta Dørum å svare på eitt av dei spørsmåla som var stilt. Han grunngav det med omsynet til forholdet til «samarbeidende tjenester».

Dørum la til at EOS-utvalet vil kunne få tilgang til dei opplysningane utvalet treng for å gå inn i einskildsaker.

Leiaren i Kontrollkomiteen, Ågot Valle (SV), som var den som reiste saka i komiteen, opplyser til Bergens Tidende at ho har kome til at det nå er naturleg å overlate til EOS-utvalet å gå vidare i denne saka.

Mevik opplyser at utvalet tidlegare har bede om og fått orientering frå PST om denne saka. Men for ikkje å gå i beina på Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, har utvalet hittil vore tilbakehalden med å ta saka opp. Mevik opplyser at EOS-utvalet har fått oversendt fleire dokument om den påståtte vervingssaka frå ordføraren i Risør, Lars Lauvhjell.