Også norske bedrifter følgjer situasjonen frå dag til dag. Hydro Aluminium har allereie trappa ned kapasitet ved verka på Sunndalsøra og på Karmøy. Dette skjer dels ved at gammal teknologi blir raskare utfasa enn planlagt, dels ved at omnar som er ute på vedlikehald ikkje blir sett tilbake i drift.

Ved ei alvorleg kraftkrise kan styresmaktene måtte tvinge fram drastiske tiltak, og sentrale aktørar i kraftbransjen seier til Bergens Tidende at den kraftkrevjande industrien blir det som verkeleg monnar i så måte. Dette er organisasjonen deira, Prosessindustriens Landsforening (PIL), klar over.

— I desse dagar er kraftsituasjonen eit klart tema for leiing og styre rundt om i bedriftene våre, seier Per Terje Vold i PIL.

— Dersom kuldeperioden blir langvarig, kan vi slett ikkje sjå vekk frå at nokon innan vår bransje kan måtte stenge ned iallefall deler av verksemda.

Vold peikar dessutan på at den ekstreme kraftprisen nett no fell saman med vanskelege konjunkturar for eksempelvis ferro-siliciumindustrien.