• Det var fascinerande å vere vitne til, omtrent som frå ein naturfilm frå dei afrikanske savannene. Dei to kattane gjekk innpå frå kvar sin kant, og var totalt fokuserte på å nedlegge byttet.

Dette fortel sauebonde Jon Asle Hovland, som frå sitt eige stovevindauge vart vitne til korleis to hankattar samarbeidde om å sirkle inn og drepe eitt av lamma i sauflokken hans.

Det er avisa Firdaposten som i dag fortel den oppsiktsvekkande historia, som utspela seg på øya Askrova i Flora kommune sist torsdag. Gjennom kikkertlinsa såg saueeigaren sjølv det som skjedde, og det var også andre vitner til opptrinnet på innmarka framfor våningshuset.

— Det var spesielt å sjå at dei to kattane samarbeidde i jakta, seier Hovland, som greidde å snike seg innpå kattane etter at dei hadde drepe byttet sitt. Der fekk han avliva den eine katten med hagle. Lammet låg der med oppriven strupe og mage.

Huskattar

Den andre katten vart litt senare same dag felt av ein røynd jeger som Hovland kontakta. Ifølgje saueeigaren var det tale om to vanlege huskattar.

— Dette er i utgangspunktet vanlege huskattar som har levd vilt her på øya og tilpassa seg forholda, meiner han.

— Dei var kraftige og velfødde, og eg har sett dei på avstand ved fleire høve. Dei har vore sky og vare, og eg hadde aldri trudd dei kunne angripe husdyr.

Då dei to kattekadavera vart lagt på vekta, vog dei til saman 19 kilo.

Hovland tok ikkje bilder av verken dei døde kattane eller lammet. Han hadde ikkje planlagt å gå ut i avisa med dette, men ryktet om den oppsiktsvekkande episoden spreidde seg.

— Så foto har eg ikkje. Og eg kjem heller ikkje til å grave opp att dei døde dyra, seier han.

Etter at dei to lammejegerane er tatt ut, trur ikkje Hovland at det er fleire slike kattar att på øya. Han har sett dei to ved tidlegare høve, og kjenner dei to dyra att.

— Eg har aldri sett andre kattar saman med dei, seier han.

Ifølgje regelverket for rovdyrerstatning har ikkje Hovland rett på å få det tate lammet erstatta. Vanleg huskatt er ikkje rekna som rovdyr.

— Dette har eg ikkje eingong undersøkt, seier han.

Villsau

Det kattedrepne lammet var av rasen farga spelsau, også kalla villsau. Lammet var tre dagar gammalt og vog mellom to og tre kilo.

Overfor Firdaposten finn ikkje viltkonsulent Vebjørn Svendsen i Norges Jeger- og Fiskerforbund grunn til å tvile på at historia er sann.

— Vi har sett at enkelte individ av rovdyr kan spesialisere seg, og dette er nok eit døme på det, seier Svendsen til avisa.