— Det er trist, hønene har vore frittgåande her, men siste månaden har vi akklimatisert dei ved å ha dei i utegarden, seier Rita Beate Mjåset. Ho er dagleg leiar for Fanaseter Kafe og Minigård.

Dei 20 hønene kan stengjast inne. Verre er det med dei ti endene, påfuglane Elvis og Pricilla og kalkunane Kalle og Kun.

— Endene spøkjer det for. Dei må ha vatn å symja i, og det vert for omfattande å byggja tak over heile andedammen. Vi har heller ikkje hus å ha påfuglane og kalkunane i, men vi har søkt Mattilsynet om dispensasjon til over helga. Eg håpar vi kan få til ei ordning slik at vi kan dekka over utegarden, og ha dei der, seier Mjåset. Ho ventar besøk av Mattilsynet for å diskutera ei slik løysing.

Råkar hobbybøndene

Dei profesjonelle eggprodusentane og fjørfeopdrettarane driv alt med lukka anlegg, og blir ikkje råka av dei nye pålegga frå Mattilsynet.

— Dei som først og fremst får problem er alle dei som driv med fjørfe som hobby, seier distriktssjef i Mattilsynet, Paal Fennell.

— Kva krev de? Er det nok å ha fuglane bak hønsenetting?

— Nei, fjørfe skal ikkje vera utandørs. Det vil seia at dei skal haldast inne bak vegger og tak. Kva tiltak som trengst er ei vurdering kvar einskild må gjera sjølv, vi har ikkje høve til å springa rundt og inspisera. Men det er klart at om det kjem tips frå grannar eller andre som er urolege, så kjem vi til å dra ut og sjå på tilhøva.

Park-endene går klar

— Kva med ender og andre lause fuglar i parkane i byen?

— Parkfugl reknar vi som ville, sjølv om dei er stadbundne. Førebels kjem vi ikkje med tiltak her, men skulle smitten spreia seg må vi vurdera dette på nytt, seier Fennell. Han understrekar at folk ikkje må handla overilt og byrja å slakta ned hønsefuglane sine.

— Ein må ta seg tid, og tenkja over om det er råd å finna tiltak som gjer fuglehaldet forsvarleg.

— Kva tidshorisont er det på dette pålegget om å halda fjørkre i hus?

— Det er vanskeleg å svara på no, seier Fennell.

Ender og gjess lever farleg

— Dette er ikkje noko kjekt, og eit kjempeproblem for oss, seier Leif Bognøy til BT. Han er leiar i Hordaland Rasefjærfeklubb som har i overkant av 70 medlemer.

— Medlemene våre har frå null til fleire hundre fuglar, og dei fleste har lagt opp til at dei søv inne om natta, og er ute om dagen, seier Bognøy. Etter at pålegget frå Mattilsynet kom i går var pågangen frå fortvilte medlemer, som lurte på kva dei no skulle gjera, stor.

— Hønene kan stort sett stengjast inne. Verre er det for dei som har ender, gås og påfugl. Dei to første treng vatn å symja i, og påfuglane får hale på 4 - 5 meter utover våren, og er vanskelege å halda i hus, seier Bognøy.

Fryktar langvarig arrest

Han understrekar at medlemene ser alvoret i situasjonen, og er innstilte på å gjera sitt aller beste.

  • Vi har eit veldig godt samarbeid med Mattilsynet, og vonar at vi kan få nokre dispensasjonar der det er naudsynt. Vi må for all del unngå nedslakting av rasefuglar. Nokre av fuglane det her er snakka om er på lista over utryddingstruga artar, seier Bognøy.

Han fryktar at forbodet mot frittgåande tamfugl blir langvarig.

— Varer dette over år, vil det vera ein katastrofe for interessa. Vi får håpa at dette roar seg når vi kjem til sommaren. Eg har ei kjensle av at stemninga har vore litt vel mykje haussa opp. Folk er blitt utskjelt for fuglehaldet sitt alt før pålegget om å halda dei i hus kom, seier Bognøy.

MINDRE TRIVSEL: Rita Beate Mjåset tykkjer det er ille at Kjellegutt og resten av gjengen får husarrest. Dei tamme og frittgåande hønene har vore ein triveleg attraksjon. FOTO: JAN M. LILLEBØ