Aldersgruppa på hundre pluss er tolvdobla sidan 1958. Det er først og fremst kvinner som blir så gamle. Forskarar leitar etter svar på kvifor nokon lever så lenge. Inga Sofie Møller (100) meiner svaret ligg i genane.

For femti år sidan vart berre femti nordmenn hundre år eller eldre. I dag er 616 personar i alderen hundre pluss, det er tolv gonger så mange som i 1958.

Ifølgje prognosane til Statistisk sentralbyrå vil denne aldersgruppa igjen vere dobla om tjue år.

— Men det kan godt hende at hundreåringane blir endå fleire. At dei blir frykteleg mange, er iallfall heilt sikkert, seier Leiv S. Bakketeig, professor emeritus og medredaktør for fagboka «Kvinner lider - menn dør».

- Livet er annleis i dag

Fredag er vaskedag. På badet står Inga Sofie Møller (100) og heng klesvasken til tørk. Etterpå er det kjøttsuppe til middag. Alderen hindrar ikkje Inga Sofie verken i å gå på butikken eller lage mat.

— Vent litt. Eg skal berre skru ned han der Roy Orbison, seier Inga Sofie, som runda hundre i mai.

For over tretti år sidan vart ho pensjonist. Etter eit fall for snart to år sidan flytta ho inn i ein omsorgsbustad på Øvre Kråkenes. Inga Sofie er litt dårleg til beins og har problem med nærsynet, men er hundre år og like blid.

— E'kje det når vi blir 66 at vi skal slå håret ut?

Hundreåringen slår hendene saman og skrattler.

Morgondagens hundreåringar kjem til å vere friskare og sprekare enn tidlegare generasjonar. Betre medisinsk behandling, mindre tungt fysisk arbeid og maten vi et er nokre av forklaringane.

— Livet er annleis i dag enn for 40-50 år sidan - på mange måtar. Mange hundreåringar kjem til å vere aktive og livskraftige, og delta i samfunnslivet, seier Bakketeig.

Han seier at ingenting tyder på at levesettet til dei som blir hundre pluss betyr noko.

— Dei har levd heilt forskjellige liv - nokre ordentlege og ryddige liv, andre har røykt og drukke og gjort mykje rart, seier Bakketeig.

God hjelp i godt humør

Inga Sofie har røykt littegrann, men det er over femti år sidan no. Eit glas vin drikk ho gjerne, og kanskje ein konjakk eller Bristol Cream i fint selskap.

— Eit glas raudvin har ingen vondt av. Eg har aldri vore fråhaldsmenneske, men er veldig moderat og drikk aldri aleine.

Inga Sofie, undervegs til 101, vart oppfostra på graut, sild, brød og poteter i barndomsbygda Naustdal i Sunnfjord.

— Og grønnsaker! Gu' kor mye grønnsaker vi spiste!

Foreldra er for lengst døde. Alle søsken er borte. To halvbrør mista livet under den første verdskrigen. Ektemannen Omar Martin, fødd i det som ein gong var Jernbanegaten i Bergen, døydde i 1975, få veker etter at Inga Sofie var blitt pensjonist.

— Det er det verste eg har opplevd.

Sonen er blitt 62 år. Inga Sofie har to barnebarn og to oldebarn.

— Det er mykje sorg og mykje glede i eit så langt liv. Men heile livet har eg hatt godt humør. Det har hjelpt meg så utruleg. Eg tek ting som dei kjem, og går ikkje rundt og grublar eller ergrar meg. Då er det lett for at ting ballar på seg.

130-årsdagar i framtida

Så er spørsmålet: Kor gamle kan vi bli i det 21. hundreåret? Langt eldre enn i dag, trur Bakketeig,

— Eg utelukkar ikkje at vi kan bli mykje eldre enn hundre, kanskje opp mot 130 år.

— I dag skriv BT og andre aviser alltid om folk som fyller hundre. Kjem hundreåringar til å bli eit så kvardagsleg fenomen at vi kjem til å slutte med det, trur du?

— Ja, hundreåringar kjem til å bli så alminneleg. Men 120-åringane kjem avisene til å skrive om, seier Bakketeig, som snart fyller 70 og slett ikkje har lyst til å leve i hundre år.

— Eg merkar det alt no. Hukommelsen er blitt dårlegare. Det er sikkert berre starten. Eg har ikkje lyst til å bli ein gammal tulling. Eg vil gå ned med stil.

Heller ikkje far hans på 94 år har lyst til å bli hundre år.

— Eg har sagt det til han: «Du blir sikkert hundre!» Han blir vettskremt ved tanken.

På månen

Heime på Øvre Kråkenes heng nye og gamle fotografi på veggene. Av foreldra, mannen og etterkommarar i tre generasjonar. Inga Sofie Møller ser på svartkvitt fotografiet av seg sjølv som 38-åring.

— Det var ein gong, seier ho, og stryk handa over det innramma biletet.

— Eg kan ikkje forstå at det er meg. Men det er jo det.

— Er det noko å trakte etter å bli hundre år?

— Skal eg vere ærleg? Nei. Eg har hatt det så godt som eit menneske kan ha det. Men hadde eg ikkje vore så glad i å lese og høyre musikk, ville det vore dårlege greier. Eg har klart meg godt sjølv heile tida, men det er synd i gamle folk som sit der aleine i timevis. Kunne berre nokon ta dei med ut litt, er det den beste gåva eit menneske kan få, seier ho.

— Har du ambisjonar om å bli 105?

— Ha ha! Eg har sagt at viss eg blir hundre år til, så skal eg halde bursdagen min på månen, og leige eit stort romskip, så alle gjestene kan bli med!

UNDERVEGS TIL 101: Hardt arbeid, sunn mat, måtehald - og godt humør. Alt dette kan bidra til å forklare kvifor Inga Sofie Møller er blitt så gammal, men eigentleg trur den spreke hundreåringen at ho har fått sitt lange liv i arv. - Eg trur det er arvelege genar vi har, vi som blir så gamle.

UNDERVEGS TIL 101: Hardt arbeid, sunn mat, måtehald og godt humør. Alt dette kan bidra til å forklare kvifor Inga Sofie Møller er blitt så gammal, men eigentleg trur den spreke hundreåringen at ho har fått sitt lange liv i arv. Eg trur det er arvelege genar vi har, vi som blir så gamle.
Odd Mehus
Jeanne Calment. Truleg det eldste mennesket som har levd. Døydde i ein alder av 124 år, den 4. august, 1997. Fransk.