I fjor haust kjempa huglarane mot at politikarane i Stord kommune skulle leggja ned skulen på øya Huglo. Dei blei høyrde.

Eit drygt halvår seinare ber Foreldreutvalet (FAU) ved Huglo skule sjølv om at elevane får ei skyssordning, slik at dei kan pendla til Rommetveit skule på Stord.

Etter planen skulle åtte elevar gå på skulen i haust, men flytting har gjort at talet er nede i fem, skriv avisa Sunnhordland.

Minkande elevtal

Nestleiar Espen Haukanes i FAU på Huglo stadfestar at dei har søkt om overflytting til Rommetveit.

— Me ventar no eit svar frå kommunen. Det var me lovd før sommarferien, så få me sjå kva slags løysingar dei legg opp til, seier Haukanes.

I fjor feira skulen på Huglo 100-års jubileum. Rektor Laila Føyen har arbeidd ved skulen i tre år og har berre godord å seie om skulemiljøet. Ho vedgår at den siste utviklinga kom litt uventa.

— Me har jo sett kva veg det gjekk, med minkande elevtal og berre eit barn på Huglo under skulealder pr. i dag. Men det som skjedde no, kom litt brått på, seier ho.

Elevane må no truleg bu seg på pendling med ferje og buss. Ferja går allereie klokka 07.15. Heim att går ho klokka 14.25, ifølgje rutetabellen til Norled.

- Trist for Huglo

Alf Einar Notland har gløda for tilflytting og vore prosjektleiar for "Liv og lyst-prosjektet" på Huglo.

— Det er trist at ein har kome i denne situasjonen at foreldra vel å senda ungane til Rommetveit. Samstundes skjønner eg at foreldra er opptekne av at ungane har leikekameratar på skulen, seier Notland til Sunnhordland.

Ordførar Liv Kari Eskeland lovar at dei skal finna gode løysingar for elevane og at saka vil bli handsama i kommunestyret torsdag.