Då partileiinga oppsummerte stortingssesjonen i går, gjorde Høybråten det klart at han meiner KrF-leiaren bør ha fast plass på Stortinget. Han gav også uttrykk for at nestleiarane bør ha sete på Stortinget. Og han la til at han kan tenkje seg å ta initiativ for å få det til.

Må rydde plass

Av leiartrioen er det berre første nestleiar Dagrun Eriksen som i dag har plass på Stortinget. Ho er valt frå Vest-Agder der ho står på andre plass på lista etter parlamentarisk leiar Jon Lilletun.

Det er i dag uklart kva fylke Høybråten sjølv kan bli nominert og valt frå. Hans eige heimfylke, Akershus, er ikkje aktuelt. Høybråten er ynskt av eit fleirtal av lokallaga i fylket men har sjølv sagt at han trer til sides for Valgerd Svarstad Haugland som i dag har denne plassen. Ho er interessert i å halde fram.

Fleire andre fylke er lansert som mogleg «heimfylke» for Høybråten for å sikre den nyvalde partileiaren plass på Stortinget. Mellom desse er Østfold og Møre— og Romsdal. Topp-plassen i Møre og Romsdal blir nå ledig etter at Kjell Magne Bondevik i førre veke kunngjorde at han ikkje tek attval etter 32 år med stortingsplass.

Hareide

Det er ingenting formelt i vegen for å kunne veljast frå eit anna fylke enn der ein er busett. Slikt har skjedd før. Tidlegare SV-leiar Erik Solheim vart til dømes valt inn frå Sør-Trøndelag før han kunne få plass på lista frå Oslo.

Også Knut Arild Hareide må det skaffast plass for. Bømlingen, som i mange år har budd og arbeidd i Oslo, høyrer naturleg heime på vallista frå Hordaland.

KrF-leiinga struttar av sjølvtillit etter at vårsesjonen er over, Høybråten har fått nytt departement å styre og Hareide er blitt ny statsråd.

Partibygging

Høybråten reserverte seg mot at pressa har døypt det nye arbeids- og sosialdepartementet til «superdepartement» og han sjølv til «superstatsråd».

Parlamentarisk leiar Jon Lilletun meinte derimot at dette er fulltreff av pressa.

Lilletun meiner også at denne nyskapinga er gull verd i arbeidet med å bygge opp og profilere KrF.

Høybråten er særs nøgd med at «KrF etter regjeringsomdanninga har fått handa på rattet i alle våre viktige profilsaker».

Høybråten hevdar at partiet nå er langt meir samansveisa enn då han overtok som leiar, i januar. Han retta i den samanhengen ein varm takk til Dagbladet som han meinte har medverka sterkt til at partiet har slutta rekkene på grunn av stadige utfall frå avisa.

Høgre-dreid regjering

Fleire politiske observatørar har i det siste stempla den sitjande regjeringa som den mest konservative regjeringa vi har hatt på fleire ti-år.

Høybråten bles av ei slik framstilling. I går slo han fast at KrF samarbeider i regjering med sentrum og til høgre. Han avleverte spark både til Ap-leiar Jens Stoltenberg og til den tidlegare regjeringspartnaren, Sp. Samstundes slo han fast at det viktigaste for KrF er kva ein samarbeider om ikkje kven ein samarbeider med.

Jon Lilletun freista å tilbakevise høgre-dreiinga ved å vise til at den tidlegare mangeårige politiske kommentatoren i Dagbladet, Arne Finborud, har hevda at inga regjering innført så mykje høgre-politikk på så kort tid som Stoltenberg-regjeringa.

— Vi sit i ei regjering der vi får gjennomslag for verdisakene våre. Vi er omsverma som parti av andre parti - og av pressa. Eg skulle ynskje at vi også var omsverma av veljararar på same måte. Eg har tru på at vi skal klare eit to-sifra prosenttal ved valet neste haust, kunngjorde Høybråten.

<b>TAKKAR PRESSA:</b> KrF-leiar og "superstatsråd" Dagfinn Høybråten rettar varm takk til Dagbladet for å ha medverka til å sveise partiet saman.
THERESE BORGE