VIDAR YSTAD

— Vedtaket vårt går kort og godt ut på at vi vil ta eit initiativ overfor andre fylkeslag for å skaffe avklaring på om Høybråten kan få ein stortingsplass. Vi har ikkje sjølv teke stilling til om vi eventuelt vil kunne tilby han ein plass frå Rogaland.

Det seier den nyvalde leiaren i nominasjonsnemnda i Rogaland KrF, Karl Edvard Aksnes, til Bergens Tidende.

Utspelet frå nominasjonsnemnda i Rogaland vekker reaksjonar i fylkespartiet.

Den nye leiaren i Karmøy KrF, Kåre Bakkevold, tek til dømes prinsipiell avstand frå tanken om at Rogalandspartiet skulle opne for å plassere Høybråten på lista si.

Andre krinsar i fylkeslaget meiner initiativet eigentleg handlar om å sikre Valgerd Svarstad Haugland ein ny periode på tinget. For ut frå stemninga i Akershus, burde Høybråten ta den plassen.

— Dersom eg skal seie kva eg meiner, burde Akershus KrF ha løyst dette problemet sjølv. Men dersom det ikkje skjer, er vi viljuge til å ta eit initiativ for å få ei løysing. Vi er sterkt interessert i at vår dyktige partileiar får ein plass på Stortinget, seier Aksnes.

— Medlemmene i nemnda skal nå først sondere terrenget i sine eigne distrikt og eg skal sondere i kontakt med andre fylkeslag. Så skal vi kome saman og oppsummere og vurdere, seier Aksnes. Han vil ikkje opplyse om kva for fylkeslag han vil kontakte. Han meiner at det seier seg sjølv.