VIDAR YSTAD

Det skjedde då Høybråten for halvannan månad sidan var på «signingsferd» til KrF-laget på Karmøy, lokallaget til Medhaug, etter at Høybråten var lansert som stortingskandidat frå Rogaland.

Avslår

Partileiinga nektar å svare på spørsmål om korleis Høybråten og partiet har fylgt opp denne oppmodinga.

— Dette skal ha skjedd på eit lukka møte i partiet. Vi kommenterer ikkje kva som skjer på slike møte, seier fungerande informasjonssjef i KrF, Maria Hasselgård, til Bergens Tidende.

Neste laurdag skal Dagfinn Høybråten etter opplegget nominerast på førsteplass på KrF-lista i Rogaland. Men lokallag i Nord-Rogaland er ikkje ferdige med Medhaug-saka.

Kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at det truleg vil kome framlegg på nominasjonsmøtet om at kandidatane som skal stå på lista, skal vere heimehøyrande i fylket.

Eit slikt framlegg vil sjølvsagt bli nedstemt, men vil vere ei klar markering.

Stadig misnøye

Misnøya med partileiinga si behandling av Medhaug har ikkje lagt seg.

Han vart skulda for valdtekt, utstøytt og negativt eksponert gjennom partiet sine vegval i saka. Medhaug vart reinvaska av påtalemakta, men ikkje av partiet sentralt. Han var fylkesvaraordførar og partiet sin fylkesordførarkandidat. Han vart fjerna frå posten som partiet sin fremste folkevalde i Rogaland og miste posisjonen som heildagspolitikar.

Advokatutgifter

Men det har kosta Medhaug dyrt, også reint økonomisk. Han har hatt utlegg til advokatutgifter på om lag 400.000 kroner. Det er pengar som han ikkje får tilbake, sjølv om han ikkje kan lastast for noko i saka.

Etter at Høybråten var på møte i Karmøy KrF har den økonomiske situasjonen forverra seg for Medhaug.

Etter den tid har Gulating lagmannsrett, etter tilvising frå Kjæremålsutvalet i Høgsterett, omgjort si tidlegare avgjerd om å tilkjenne Medhaug 170.000 kroner i erstatning.

I oktober i fjor tilbaud KrF-leiinga Medhaug 130.000 kroner for å legge saka «død». Men Medhaug aksepterte ikkje premissane og tok ikkje imot «tilbodet». Han oppfatta det som «skammeleg».

Lokalt har ein aldri akseptert behandlinga av Medhaug. Saka var også sterkt medverkande til motstanden mot renominering av Einar Steensnæs til Stortinget ettersom han som nestleiar hadde stått last og brast med Valgerd Svarstad Haugland.

Kasta korta

Saka var sterkt medverkande til at Valgerd måtte gå etter sviktande tillit og sterk kritikk.

Steensnæs valde i september å kaste korta, og det var det som opna for Høybråten i Rogaland.

Det finst dei i Rogaland som hevdar at det vart viktig for partiet å fremje Høybråten sitt kandidatur i Rogaland for å hindre at Medhaug skulle kunne gjere comeback, ved å innta ordførarstolen på Karmøy. Det ville nemleg vere ein nærliggjande utgang, sidan ordføraren på Karmøy ville vere kandidat til førsteplassen på lista. Nå må han nøye seg med tredjeplassen, som i dag er varamannsplass.