Høybråten og Lilletun vil i dag ikkje svare på om dei er kandidatar til å overta som partileiar etter Valgerd Svarstad Haugland.

Begge seier at dei skal svare på spørsmålet dersom valkomiteen spør dei.

Ingen av dei avviser heller at dei vil vere kandidatar. Og Lilletun seier at «det er alltid hyggeleg å bli peika på i ein positiv samanheng», når han blir konfrontert med at somme nemner han som kandidat.

I talen sin tok Valgerd Svarstad Haugland sterkt til orde for å fornye og forynge leiarskapen i partiet og ikkje minst på «dei sikre» plassane til Stortinget.

Høybråten som er fødd i 1957, er eit drygt år yngre enn Valgerd. Jon Lilletun er fødd i 1945 og dermed 11 år eldre enn Valgerd. Dette peikar i retning Høybråten, men det er også andre forhold som dreg i same retning, sjølv om Lilletun er meir fargerik enne den litt «grå» og «byråkartiske» Høybråten.

Ingen av leiarane vil i dag uttale offentleg noko om kven som bør bli ny partileiar. Valgerd seier sjølv at ho vonar Knut Arild Hareide vil halde fram og reknar at han vil gjere det, om ho bed han om det.

Sjølv seier han at han ynskjer å halde fram — men berre som nestleiar. Men han stiller i utgangspunktet plassen sin til disposisjon.

Gjetningane i dag går ut på at Høybråten er Bondevik sin favoritt. Det har mellom anna samanheng med at Bondevik vil ynskje å ha ein partileiar som kan framstå som ein klar statsministerkandidat som kan overta når han sjølv finn tida inne til å trekke seg tilbake.

Bondevik er fødd i 1947 og dermed 10 år eldre enn Høybråten. Lilletun er to år eldre enn Bondevik.

Bondevik har vore fast representant på Stortinget sidan 1973, altså i 30 år. Han møtte også som vararepresentant i perioden 1969-73. Når inneverande stortingsperiode er over, vil han ha sete 32 år på tinget eller i regjering. Spørsmålet er då om han ynskjer å gå på ein ny fire-års periode.

Overlever Regjeringa ut denne stortingsperioden, vil Bondevik vere bunden til å stille opp for attval og vere statsministerkandidat, om ikkje partiet i mellomtida har skaffa seg ein ny klar statsministerkandidat.

Sjølv om Bondevik likar å vere statsminister, er det ikkje sikkert at han ynskjer å binde seg for ytterlegare fire år frå 2005 av, spesielt ikkje om han risikerer eit tilvere i opposisjon.