• Skal vi lykkast med å få ned sjukefråveret, er det heilt avgjerande å sjå på legane si rolle. Legane sit med nøkkelen.

Dette seier tidlegare arbeids— og sosialminister, Dagfinn Høybråten, til BT.

Høybråten framhevar at legane, gjennom sjukmeldingssystemet årleg skriv ut sjukmeldingar som krev utbetalingar frå folketrygda på om lag 30 milliardar kroner.

— Då vi snudde sjukemeldingsskjemaet og lykkast med å få ned sjukmeldingane, vart det innførd ein prosedyre som gjekk ut på at legen måtte vurdere kva arbeidsevne arbeidstakaren hadde, før han sjukmelde pasienten. Ideen var at legen skulle ha kontakt med arbeidsplassen, seier Høybråten som i dag er partileiar og parlamentarisk leiar i KrF. Han legg til: - Slik utviklinga nå har vore, har ikkje trykket på kontakt med arbeidsplassen vore halde oppe. Og eg spør meg kva oppfølging og sanksjonar trygdeetaten og departementet har sett i verk overfor legar som ikkje fylgjer opp.

Arbeidsgjevar og lege

Høybråten strekar under at det er svært viktig at arbeidsgjevaren engasjerer seg for å få folk tilbake i jobb. Det var ein viktig føresetnad for avtalen om inkluderande arbeidsliv, IA-avtalen.

— Men legen sit på nøkkelen. Han skal vurdere arbeidsevne, om arbeidstakaren kan vere delvis sjukmeld og arbeide noko. I dialog med arbeidsgjevaren skal han vurdere om arbeidstakaren kan få endra arbeidsoppgåver som er tilpassa arbeidstakaren. Dette vil alle partar vere tent med, og det blir reduserte utgifter for trygda, seier Høybråten.

Støttar Høybråten

Hans Kristian Bakke, tidlegare president i Den norske lægeforening, og nå fastlege i Fyllingsdalen i Bergen, er samd med Høybråten når det gjeld grunnlaget for IA-avtalen.

-Grunnlaget for IA-avtalen var at arbeidsgjevaren i større grad forplikta seg i å tilrettelegge forholda for eigne arbeidstakarar. Det gav legane betre høve til å kunne nytte delvis sjukmelding som verktøy. Føresetnaden var ein betre dialog mellom arbeidstakar, lege og arbeidsgjevar, seier Bakke.

  • Ordninga la ansvaret for å gjere noko med sjukefråveret der det høyrer heime - på arbeidsplassen. Dersom arbeidsplassen ikkje legg forholda best mogeleg til rette, hjelper det lite kva slags haldning og arbeid legane fylgjer, seier Bakke.