Med støtte frå statsadvokaten i Oslo har nå ei gift kvinne med utanlandsk bakgrunn blitt tilkjent 55.000 kroner i erstatning for tapt arbeidsinntekt.

Bakgrunnen var at ho vart mishandla slik av ein kunde at ho ikkje kunne arbeide som prostituert på fleire månader.

Aktor kravde erstatning

Sjølv oppgav kvinna at ho hadde 2-5 kundar om dagen, at stykkprisen var 1500 kroner og at ho arbeidde 25 dagar i månaden. Det utgjer minimum 75.000 kroner i inntekt i månaden og eit maksimum på 187.500. Det er her snakk om nettoinntekt ettersom ho aldri har betalt skatt.

Statsadvokaten la i retten ned påstand om at valdsutøvaren skulle betale 165.000 kroner i erstatning for tapt arbeidsinntekt, pluss 75.000 kroner i oppreising og 11.500 kroner i erstatning for faktiske utgifter. Det inneber ein ny kurs frå påtalemakta si side. I ei tidlegare sak gjekk aktoratet ikkje inn for erstatning for tapte arbeidsinntekter til den prostituerte.

Oslo tingrett var likevel ikkje fullt så raus som aktor. Den prostituerte måtte nøye seg med dei 55.000 kronene i erstatning for tapt arbeidsinntekt, 50.000 kroner i oppreising og 3000 kroner i erstatning for faktiske utlegg.

Fekk erstatning i Borgarting

Dommen baserer seg på ein dom frå Borgarting lagmannsrett frå mai i år der fleire kvinner i same sak vart tilkjend både erstatning for tapt arbeidsinntekt og oppreising.

I denne saka gjekk aktoratet ikkje inn for å tilkjenne erstatning for tapt arbeidsforteneste. Det gjorde derimot bistandsadvokaten som fekk medhald av retten.

Lagmannsretten slår fast at «Prostitusjon er ikke ulovlig etter norsk rett, og det legges til grunn at prostituertes inntekt etter gjeldende rett er skattepliktig.»

Retten kom til at det måtte finnast eit klart rettsgrunnlag for at tap av inntekt frå prostitusjon ikkje skulle ha erstatningsrettsleg vern. Lagmannsretten fann etter dette ikkje at det finst noko rettsgrunnlag for å nekte erstatning.

Oslo tingrett viser til lagmannsrettsdommen og slår fast at inntekter frå prostitusjon er erstatningsrettsleg verna.

Dommen frå Oslo tingrett er på line med ein dom i ei liknande sak frå Bergen tingrett frå desember i fjor.

Omstridd juss

Professor i erstatningsrett ved Universitetet i Bergen, Bjarte Askeland, seier at det ikkje er heilt klart at prostituerte kvinner har krav på erstatning for «tapt arbeidsinntekt».

— Dette har vore omstridd i teorien. Tradisjonelt har oppfatninga vore at verksemd som er ulovleg eller ikkje i samsvar med vanlege moralnormer, ikkje utløyser erstatningsplikt. Eg trur kanskje at samfunnsoppfatninga av prostitusjon har endra seg og at ein ut frå ei moderne rettsoppfatning vil meine at også denne aktiviteten kan ha eit erstatningsvern, seier Askeland.

Heilt annleis vil det til dømes vere med narkotikaomsetning som i seg sjølv er straffbar. Den som blir hindra i slik omsetning, kan ikkje krevje erstatning.

Førstestatsadvokat Ingunn Fossgard ved riksadvokatembetet opplyser til Bergens Tidende at spørsmålet om erstatning for tapt arbeidsinntekt for prostituerte ikkje har vore drøfta eller teke opp med embetet. Embetet er heller ikkje kjent med dei dommane som er avsagt om desse spørsmåla.