— Vi trur særleg område i Hardanger og rundt Voss er viktige å granska, seier geolog Lars Harald Blikra.

I nasjonal skreddatabase er det registrert 12 kjende ustabile fjellparti i Hordaland. Men det er gjort lite systematisk kartlegging i fylket.

Ein gjennomgang Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) har gjort av flyfoto i området frå Odda til Aurland, viser spor både etter ei rekkje store fjellskred og teikn til ustabile fjellparti. Eit slikt område er ved Tokheimsnuten i Odda. Det er også registrert utglidingar i fjellsidene mellom Kråkevik og Aga og ovanfor Grimo. I tillegg er det frå før kjent at det er utglidingar og sprekkar i Ingebjørgfjellet ved inngangen til Eidfjorden.

Det er ikkje gjort noko detaljkartlegging for å verifisere om dette verkeleg er ustabile fjellparti. Av den grunn er det heller ikkje gjort målingar av rørsle i fjellet.