Stillinga som sjef i PST vil bli utlyst i løpet av 14 dagar, får Bergens Tidende opplyst i Justisdepartementet.

Fleire kjelder har gjennom lengre tid hevda overfor Bergens Tidende at løysinga truleg blir at Jørn Holme blir ny overvakingssjef.

— Ingen kommentar

Det betyr at justisminister Odd Einar Dørum har gjeve opp å få nokon utanforståande til å ta uriasposten som overvakingssjef.

— Kjem du til å søke jobben som PST-sjef?

— Det har eg ingen kommentarar til, seier Holme til BT.

Han seier at han i første omgang skal ha ein lang ferie etter å ha hatt ein svært spanande og arbeidskrevjande jobb i to og eit halvt år.

— Eg er takksam for å ha fått og hatt denne jobben, som er ein av dei mest spanande i heile justissektoren.

Holme vil ikkje opplyse om når han bad om å få gå av. Han opplyser at han i første omgang går tilbake til jobben sin i Økokrim, der han har vore i 10 år. Han legg til at han har fått tilbod om andre jobbar.

«Samfunnsoppgåve»

Tidleg på året i fjor vart det klart at den sitjande PST-sjefen, Per Sefland, ikkje ville søke eit nytt åremål. Då Sefland slutta i fjor sommar, vart tidlegare politimeister Arnstein Øverkil konstituert for ein periode. Konstitusjonen ser seinare forlenga. Øverkil er nå 67 år.

Det er nå meir enn eitt år sidan jobben første gong vart lyst ledig. Etter to utlysingar fann justisministeren ikkje grunnlag for å utnemne nokon av søkarane.

Dørum har uttala at denne stillinga er så viktig at mange burde sjå det som ei samfunnsoppgåve å påta seg denne jobben.

Etter det Bergens Tidende kjenner til har justisministeren spurd ei lang rekke personar om å påta seg jobben. Men han skal ha fått nei over heile lina.