I går møttest dei parlamentariske leiarane for dei seks partia utan å kome fram til ei løysing. Det er nå tre veker sidan forhandlingane gjekk i stå.

Regjeringspartia presenterte i går eit nytt tilbod til dei tre opposisjonspartia, men opposisjonen er langt frå nøgd.

— Vi har ikkje fått innfridd krava våre, seier Høgres parlamentariske leiar, Erna Solberg, til Bergens Tidende.

— Vi har fått noko, elles ville vi ha brote nå. Men det er ikkje nok til at vi kan kome i mål, seier KrF sin parlamentariske leiar, Dagfinn Høybråten.

Dei parlamentariske leiarane skal møtast igjen, truleg i neste veke.

Ap sin parlamentariske leiar, Hill-Marta Solberg, avviser ikkje at det kan ende med at regjeringspartia nyttar fleirtalet sitt i Stortinget til å vedta det nye pensjonssystemet.

— Det vil vere svært uheldig, avdi det kan bety at eit nytt stortingsfleirtal etter valet i 2009 kan gjere endringar i pensjonssystemet. I dette ligg det eit press på regjeringa for å kome oss i møte slik at vi kan få til eit breitt forlik, seier Venstre-leiar, Lars Sponheim.

— Eit nytt pensjonssystem bør ligge fast i mange tiår framover, seier Høybråten.

Dei tre tidlegare regjeringspartia, H, KrF og V, står hardt på dei tre krava dei har fremja for å inngå eit forlik.

Det er for det første gjeninnføring av private pensjonsordningar som stimulerer til sparing, og som ikkje er dårlegare enn den ordninga regjeringa avskaffa i fjor.

Det andre gjeld opptening av pensjonspoeng ved omsorgsarbeid i heimen. Her sto regjeringa på maksimalt fire års oppteningstid medan opposisjonen har kravd inntil seks år.

For det tredje gjeld det rett til opptening av inntil 2,5 pensjonspoeng årleg for universitets- og høgskulestudentar.

— Vi har kome med nye innspel til opposisjonen som vi vonar kan verke til å få forhandlingsprosessen igang igjen, sa Ap sin parlamentariske leiar, Hill-Marta Solberg etter eit halvtimes møte i går.

Ingen av partane ville i går fortelje kva det nye tilbodet går ut på. Men etter det Bergens Tidende har grunn til å tru er regjeringspartia på gli på dei to første punkta men ikkje på det tredje.

Etter det BT forstår blir det argumentert med både prinsipp og økonomi frå regjeringspartia si side.