Avgjerda er historisk. Det er ikkje kjent at nokon dommar i Høgsterett tidlegare har måtta vike sete etter at han sjølv både skriftleg, og munnleg i retten, har insistert på å vere habil.

Dei fem dommarane som vart sett til å avgjere spørsmålet, var alle samde om at Skoghøy måtte kjennest ugild og vike sete.

I retten fremja assisterande riksadvokat Hans Petter Jahre krav om at dommar Skoghøy måtte vike sete. Jahre argumenterte ut frå omsynet til Høgsterett og den respekt domstolen bør ha.

Jahre hevda at det ut frå eit tillitsperspektiv ville kunne framstå som problematisk at ein av dommarane, kort tid i førevegen hadde teke stilling til eit spørsmål som var heilt sentralt i alle dei tre sakene Høgsterett hadde til behandling.

Eit kjernespørsmål i alle tre sakene er om konkurskarantene er å rekne som straff. Det neste spørsmålet er då om den europeiske menneskerettskonvensjonen i så fall set bom for bruk av konkurskarantane og andre straffereaksjonar, etter forbodet mot dobbel straff i same sak.

Utfallet i desse tre sakene vil ha store konsekvensar for bruken av konkurskarantene. Konkurskarantene er eit verkemiddel for å verje samfunnet, kreditorar og tilsette, mot useriøs forretningsdrift og for å demme opp mot konkurskriminalitet.

Skoghøy har i ein artikkel i Tidsskrift for rettsvitenskap tidlegare i år teke det standpunktet at konkurskarantene er å rekne som straff.

Dei fem dommarane argumenterte med at Skoghøy sin artikkel var skreven så nær i tid i forhold til saka, at den var på eit så smalt saksområde og at han hadde teke så klare og atterhaldslause standpunkt til det som var tema i dei aktuelle sakene.

Skoghøy vedgjekk at det er tradisjon for at dommarar ikkje uttalar seg så bestemt om rettsspørsmål som skal opp for retten, som det han har gjort i dette tilfellet. Han vedgjekk også at han nok ikkje ville ha uttala seg så bestemt om temaet, hadde han visst at han skulle gjere teneste som dommar i ei slik sak. Han heldt likevel fast på at han var habil i det han viste til at det han hadde kome til, var resultat av fagleg teoretisk arbeid.

Erling Johannes Husabø, som er professor i strafferett og straffeprosess ved Universitetet i Bergen, kommenterer saka slik overfor Bergens Tidende:

— Det ser ut til at det er eit veldig prinsipielt spørsmål Høgsterett her har hatt oppe. Det går på kor vidt armslag ein dommar skal kunne ha til å drive rettsvitskapleg arbeid utan å møte seg sjølv i døra. Avgjerda her vil nok føre til større varsemd i så måte både for Skoghøy og nokre andre dommarar.