— Med offentleg/privat samarbeid kan til dømes Ringeriksbana finansierast over 25 år. Då er det mogleg å prioritera prosjektet på line med utbyggjinga av det eksisterande jernbanenettet rundt Oslo. Fiansieringa av Ringeriksbana vil då ikkje koma i konflikt med finansieringa av intercity-triangelet på Austlandet, seier Høgre sin talsmann i samferdslesaker, Øyvind Halleraker, til bt.no.

I Høgre sitt alternative framlegg til Nasjonal Transportplan er ikkje innkorting av Bergensbana nemnt særskilt. Men partiet legg vekt på utbyggjing av regionalstrekningane til ein fart på 200 til 250 kilometer i timen. Og i den samanhengen høyrer innkorting av Bergensbana heime.

Vonbrot

Dokumentet som Høgre legg fram på ein pressekonferanse tysdag er eit alternativt opplegg til Regjeringa sin Nasjonal Transportplan som kom fredag 13. mars.

Den gongen var mange vonbrotne på borgarleg side over at Regjeringa i Nasjonal Transportplan ikkje hadde meir til Ringeriksbana enn planmidlar dei siste 4-5 åra fram mot 2019. Noko som betyr at byggjing av Ringeriksbana tidlegast kan startast 2020.

Den dagen slo Høgre lag med dei tre andre borgarlege partia og lova at innkorting av Bergensbana skulle prioriterast framover på Nasjonal Transportplan.

Forslag frå Venstre

Sterkast i formuleringane er Venstre, som på det komande landsmøtet skal ta stilling til eit forslag om at Bergensbana skal kortast til 4,5 timar innan 2020.

Venstre sin representant i Transportkomiteen, Borghild Tenden, har sagt at partiet vil setja fram forslag i Stortinget om å prioritera innkorting av Bergensbana fram på line med intercity-triangelet rundt Oslo. Partiet er, slik som Høgre, innstilt på å ta i bruk nye finansieringsmåtar, til dømes etter modell av Botniabanan i Sverige, der utbyggjinga er intensiv, medan nedbetalinga skjer over fleire tiår.

Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet er også opne for denne måten å finansiera store samferdsleprosjekt.

— Vi er opptekne av at jernbana mellom dei store byane skal kunna konkurrera med fly. I Regjeringa sin transportplan finn vi ingenting av det, seier Borghild Tenden.

Avklaring om høgfartstog

Halleraker gjer merksam på at det også er mykje jernbane i den alternative transportplanen. Partiet vil omorganisera Jernbaneverket og gje det ei friare stilling i høve til Samferdsledepartementet. Innan neste rullering av Nasjonal Transportplan vil partiet ha eit avklara grunnlag for vedtak om høgfartstog.

— Og vil vil forsera utbyggjing av kryssingsspor og dobbeltspor for å letta avviklinga av godstrafikken, seier Halleraker.

Høgre vil og setja av 3 milliardar kroner for planperioden (2010-2019) for utvikling av bybane/superbuss i storbyområde.

Meir kollektivstøtte

Og den offentlege støtta til kollektivtransporten vil Høgre auka frå Regjeringa sine 600 millionar kroner i året opp til 1 milliard kroner i året i løpet av planperioden.

— Og om det står til oss, vil vi ha klar ein heilskapleg plan for ferjefri veg mellom Bergen og Stord når den nye vegen er ferdig frå Bergen til Os i 2014, seier Øyvind Halleraker.

RASKARE: Dei borgarlege partia vil korta reisetida mellom Bergen og Oslo.
Arkiv