VIDAR YSTAD

Oslo

Fleire utsegner og utspel frå statsråd Meyer den siste tida demonstrerer at han anten er usamd i innhaldet eller ikkje har teke inn over seg det dei tre regjeringspartnarane faktisk samla seg om på dette politikkområdet.

Kompromiss i 2001

I Sem-erklæringa heiter det såleis at Regjeringa vil: «videreføre målene og de grunnleggende prinsippene for pris— og markedsregulering for jordbruksvarer. Dette innebærer at landbrukssamvirket fortsatt skal ha en sentral rolle i gjennomføringen av landbrukspolitikken.»

Etter det Bergens Tidende har grunn til å tru var det hard tautrekking mellom dei påtroppande regjeringspartnarane om innhald og formuelringar på dette punktet. Høgre leid nederlag.

Gjennom lekkasjar frå regjeringsapparatet er det kjend at statsråd Meyer ligg på kollisjonskurs med landbruksminister Lars Sponheim (V) i eit utgreiingsarbeid som pågår.

Omkamp

Ynskje om endringar eller «omkamp» har poppa opp frå Høgre-hald som sopp etter regnver i kjølvatnet av ICA-Tine-saka. Fleire har teke til orde for å tvangsdele Tine.

Ein av desse er stortingsrepresentant Leif Frode Onarheim. Til Aftenposten uttala han i går:

«Det ligger ikke an til noen deling av Tine denne gangen. Jeg beklager det, men det er ikke noe å ta en fight i Regjeringen på. Man kan ikke vinne alle kamper.»

Høgre-leiar og statsråd Erna Solberg ville ikkje kommentere Onarheim sine utsegner men nøygde seg med å seie at saka ikkje er ferdigbehandla i Regjeringa.

Nyleg kom også ein annan næringspolitikar i Høgre, Ivar Kristiansen, med eit utspel som minner om «mannen som slår på sjækene og meiner merra», les: Stoltenberg og Sponheim.

«Rein kommunisme»

Ynskjet om omorganisering av mjølkeomsetninga og tvangsdeling av Tine er kontant avvist av Sponheim. Han har stempla slike utspel som «rein kommunisme» avdi det ville bety at staten skulle gripe inn i ei privateigd bedrift. Tine er ått av dei 18.000 mjøleprodusentane som leverer mjølk til Tine. Det vitnar om kor sterk motsetnadane mellom regjeringspartnarane er.

Sponheim har fått klar støtte frå statsministeren. Begge har avvist at eit mogeleg feiltrinn frå nokon i Tine-systemet bør få konsekvensar for omsetningssystemet for mjølk.

Krystallklar Bondevik

Så seint som under spørjetimen i Stortinget onsdag 9. februar slo statsminister Kjell Magne Bondevik fast at Regjeringa ikkje har nokon planar om å endre dagens system for marknadsreguleringar.

Bondevik fekk fleire pågåande spørsmål frå Frp. Svara frå Bondevik var så klare at jamvel den tidlegare Sp-leiaren, Odd Roger Enoksen, sa seg svært godt nøgd med svara.

Tysdag i denne veka fann Kristeleg Folkeparti grunn til å kome med eit utspel i saka. I det samrøystes vedtaket frå sentralstyret går partiet klart imot «en drastisk og ubetenksom omlegging av landbrukspolitikken. Landbrukssamvirket er viktig for et bærekraftig, norsk landbruk» heiter det i fråsegna.

Vedtaket kan vanskeleg oppfattast annleis enn som retta mot dei mest «omorganiseringskåte» kreftene i Høgre. For utanom Frp er det ingen andre enn sentral Høgre-folk i det politiske miljøet som har teke til orde for å endre omsetningsordningane i mjølkesektoren.