VIDAR YSTAD

Ikkje berre vil Høgre opne for sal av vin i butikk. Komiteen vil også redusere alkoholavgifta, la Stortinget tvangssamanslå kommunar og få Noreg inn i EU snarast råd.

Dette er regjeringspartnarane sterkt imot. Og det er saker som tradisjonelt har betydd svært mykje for KrF.

Raljerte

Leiaren i programkomiteen, Jan Tore Sanner, nøgde seg i går ikkje med å fortelje om kor viktig han meiner det er med eit norsk medlemskap i EU. Han fann grunn til å raljere kraftig over dei som har ei anna meining i EU-spørsmålet enn Høgre. Det gjeld til dømes både Kristeleg Folkeparti og Venstre.

Sanner poengterte også at Høgre sitt syn om behov for norsk medlemskap i EU, gjennomsyrer heile programmet. Det kjem til uttrykk ved at behovet for EU-medlemskap ikkje er behandla som eit isolert punkt, men er trekt fram under mange postar i programutkastet.

Sanner viser til at Høgre-leiar, Erna Solberg, har sagt at norsk medlemskap i EU er viktigare enn kven som sit i regjering.

Ikkje overraska

Sanner viser til at dette er Høgre sitt valprogram. Han meiner det er uproblematisk at Høgre har andre standpunkt enn dei to regjeringspartnarane i desse sakene. Han seier han har inntrykk av at KrF trivst godt i regjering og ikkje ventar at Høgre skal legge band på seg i desse spørsmåla.

— Både alkokolomsetninga, alkoholavgiftene, friviljuge kommunesamanslutningar og EU er viktige saker for oss. Høgre-forslaga er stikk i strid med vår politikk, men eg er ikkje overraska, seier KrF sin førstekandidat frå Hordaland, stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, til Bergens Tidende.

— Dersom ein politikar finn grunn til å raljere over andre sitt standpunkt, styrkjer det ikkje eigen argumentasjon. Dersom du er trygg på styrken i eigne argument, treng du ikkje raljere, seier Sørfonn.

Honnørord

«Valfridom» er det fremste honnørordet i utkast til partiprogram, anten det gjeld rett til å velje skule, innan helse- og eldreomsorg, barnehage eller kontantstøtte.

Programkomiteen vil styrke skulen. Men det er berre «sidemålet», det vil i praksis seie nynorsken, som skal kunne veljast vekk.

I det for Høgre delikate problemet om rett til adopsjon for homofile, vil partiet ikkje meine noko bestemt: utgangspunktet skal vere omsynet til kva som er best for barnet - ingen rett for vaksne generelt eller homofile spesielt.

I programutkastet, som skal opp på Høgre sitt landsmøte i mai, går utvalet inn for å avskaffe dei regionale helseføretaka, som ein meiner har utspela rolla si. Utvalet vil også at kommunane bør overta ansvaret for dei vidaregåande skulane. Dette er ein konsekvens av Høgre sitt standpunkt om å avskaffe fylkeskommunen. Også her skil Høgre lag med KrF og Venstre. Høgre ønskjer også å halde fram med å gje store skatteletter i neste stortingsperiode: «omtrent på nivå med inneverande periode, 22-23 milliardar kroner», ifølgje Sanner.

Frp-samarbeid?

Under presentasjonen i går fekk Sanner fleire spørsmål om ikkje programutkastet vil gjere det lettare å samarbeide med Frp enn med KrF og Venstre.

Sanner avviste spørsmålet ved å seie at det ikkje er godt å seie kvar Frp står: partiet skiftar så ofte standpunkt.

Høgre har nå også laga ein propagandafilm mynta på valkampen. Filmen vart vist for pressa i går. Målgruppa er visstnok ikkje (ifølgje partiorganisasjonen) det vanlege publikum, men er meint til å oppeldne eigne tillitsvalde og medlemer fram mot valet.