Det er samferdsleminister Liv Signe Navarsete som har avgjort dette. Jernbaneverket fekk melding frå statsråden om dette i går.

Verkehrswissenschaftliches Institut i Stuttgart har alt sidan i fjor sommar vore i gang med å utgreia høgfartsbaner i Sør-Noreg. Dei la fram ein mellombels rapport i november. Planen var at dei skulle levera eit ferdig dokument i april

— No bed eg om at Jernbaneverket i tillegg gjev tyskarane i oppdrag å greia ut særskilt både Høgfartsringen og Haukelibana, seier Liv Signe Navarsete.

Stortinget vedtok i november, etter forslag frå Høgre, at deira opplegg for ein Høgfartsring skulle utgreiast i samband med den utgreiinga som då alt var i gang. I ettertid har det vore litt uklårt korleis dette arbeidet skal gå føre seg i praksis. Det har vore snakk om at Jernbaneverket skulle lysa arbeidet ut på anbod. Men no har altså samferdsleministeren avgjort at Høgfartsringen og Haukelibana skal utgreiast av dei same ekspertane som alt er i gang med det andre arbeidet.

— Vi ser det som viktig at det same instituttet gjer arbeidet med alle dei alternativa som ligg føre. Berre då kan vi vera sikre på å få fram resultat som let seg samanlikna, seier Navarsete.

Samferdsleministeren opplyser at dei tyske utgreiarane vil leggja fram eit utvida dokument om lyntog i april, slik avtalen er. Men arbeidet med Høgfartsringen og Haukelibana vil vara til september.