— I SV har vi alltid støtta tanken om høgfartsbane. Særleg mellom Bergen/Stavanger og Oslo får å få ned flytrafikken, seie Hallgeir Langeland, som sit i transportkomiteen.

— Men, legg han til, - det er merkeleg med Høgre, at dei alltid kjem fram med dei gode ideane når dei er ute av regjeringa.

— Den formidable veksten vi har sett i godstrafikken viser potensialet i ei høgfartsbane, seier Hallgeir Langeland.

Heiar på Høgre

Regjeringa har diverre sagt nei til prosjektfinansiering. Det hadde vore måten å finansiera Høgfartsringen på, for her nyttar det ikkje å løyva pengar over dei årlege statsbudsjetta, seier KrF sin samferdslepolitiske talsmann, Jan Sahl.

— Høgfartsringen er ein utruleg god tanke og eit svært miljøprosjekt. Vi vil heia på Høgre for å få dette til, seier Sahl.

Tek fokus frå vegane

— Dersom eit privat selskap vil byggja Høgfartsringen og meiner at dette kan væra lønsamt, så ver så god. Men bland ikkje staten inn i dette, er Per Sandberg, Frp, sin kommentar.

Sandberg meiner det er synd at Høgre med dette er med å ta bort fokus frå det sterke behovet vi har for å betra vegnettet.

— Dersom Høgre trur at ein høgfartsring til 100-150 milliardar kroner er realistisk, så set det partiet sin vegpolitikk i eit merkeleg lys. Då er det alltid snakk om høge kostnader og fare for press i økonomien. Det høyrer vi ikkje noko om i saka om Høgfartsringen, seier Per Sandberg.